Alle rettigheter 2019 Sykkylven kyrkjelege fellesråd

Bli med i Barnekoret Super


Er barnet ditt glad i sang og musikk? Bli med i Barnekoret Super i haust! 

 

 

Velkommen til ny haust med Barnekoret Super! No kan du melde på her: påmelding. Det er veldig kjekt om nye vil bli med, berre møt opp på øvinga ein av dei første gongane så kan borna få prøve ut om dei likar det. Her er programmet til koret, med mykje kjekt og nokre utfordringar:-) 

 

 

 

Fokuset for Barnekoret Super blir jula når den nærmar seg, og vi skal opptre på Lucia-morgon, gudsteneste på julaftan og juletrefest 5. juledag.   

 

Litt praktisk informasjon

Etter tips frå foreldre i koret vil vi ha tilbud om onsdagsmiddag eller kveldsmat onsdagane når vi øver, sjå haustplanen for når det er middag og når det er kveldsmat. Vi håper tilbodet kan gjere kvardagen enklare slik at borna kan delta i koret, og bidra til eit godt fellesskap i kyrkja. Nytt frå hausten blir derfor at føresette blir sett opp på liste med ansvar for tillaging av felles kveldsmat ein gong i halvåret. Dersom det er nokon det ikkje passar for, så sei ifrå. Kostnaden blir då 250 kr pr. barn, inkludert medlemsavgift kr. 50 og kr. 200 for mat/julekos (kr. 40 pr gong for alle i familien). Om de vil vere med på onsdagsmiddag kan de melde på arrangementet Onsdagsmiddag på facebooksida vår "Kyrkjene i Sykkylven" tirsdagen før eller seie frå om fast påmelding. For born frå 0-3 år er det småbarnssang samme tid som koret øver, det er i partalsvekene når det også er Onsdagsmiddag. For 2.-3. klassingar startar vi med Barnegospel som øver mandagar. Vi håper på mykje sang og glede i haust! Ring Anna, tlf. 410 09 087, om de lurer på noko. 

 

Tilbake