4-åringar i Ikornnes og Sykkylven kyrkje blir invitert til å få 4-års boka!
Som ein del av trusopplæringa i kyrkjene våre er 4-års boka ein viktig start. Dette er andre gong borna får ein eigen invitasjon til å kome til kyrkja, og dei får ei fin og innholdsrik bok. Alle 4-åringar som er medlemmar eller tilhøyrande i kyrkjene får invitasjon i posten. Hausten 2019 blir det utdeling av boka den 25.8 i Sykkylven kyrkje, og den 1.9 i Ikornnes kyrkje.

Alle 4-åringane blir registrert når dei kjem til kyrkje den dagen dei skal ta imot kyrkjeboka si. Dei får komme fram og få boka, og så blir dei med på barneopplegget vårt på søndagsskulen etterpå. Då får dei høyre på tema frå boka, og også oppleve korleis det er å vere med på søndagsskulen.

Dei som ikkje har høve til å kome dagen dei blir invitert, kan kome innom kyrkjekontoret som er ope frå måndag til fredag frå kl. 10.00-14.00. Det går også fint å møte opp på andre gudstenester der det er utdeling av 4- års bok, både på Ikornnes eller i Sykkylven kyrkje.
