Alle rettigheter 2019 Sykkylven kyrkjelege fellesråd

Fadderposen


Alle dåpsbarna får fine gåver frå kyrkjelyden

 

Sidan 2017 har vi i Sykkylven og Ikornnes kyrkje delt ut fadderposar når det er dåp. 

Ein av fadrane får oppgåva å gi tre gåver frå kyrkjelyden til dåpsbarnet, og foreldra vel kven av fadrane det blir. På dåpsdagen får fadderen med seg fadderposen med gåvene til barnet, og eit brev med forklaring av kva oppgåva går ut på. Dei neste tre åra skal barnet få gåver frå kyrkjelyden, gjerne i samband med feiring av dåpsdagen. 

1-års gåve: Spisebrikke, smekke og CD

Som 1-års gåve gir kyrkja ein spisesmekke der det står «O du som metter liten fugl». Spisebrikken som dei får har ei teikning av guten som ga matpakken sin til Jesus, frå ei forteljing i Matteusevangeliet. I tillegg får barnet ein CD som er innspelt her i Sykkylven, «Kids telling kids».  

2-års gåve: Bilete

Når det er gått ca. to år sidan barnet vart døypt, ønskjer vi at gåvefadderen gir eit bilete med denne bøna: "Kjære Gud ta handa mi, slepp ho aldri ut av di, lei meg på din veg i dag, gjer meg trygg og god og glad". Biletet kan gjerne stå framme kan heime, og å be bøna kan vere ein fin start på dagen.

3-års gåve: Barnebibel

Som 3- års gåve gir kyrkjelyden ein barnebibel som heiter «Mine første bibelhistorier». Den har med mange bibelforteljingar og fine illustrasjonar, som de som fadrar og foreldre kan lese for barnet. Frå år 2020 skal barnet som får barnebibelen få invitasjon til å bli med på ei samling med søndagsskulen. Der får dei lære om ei av historiene som også står i barnebibelen. 

 

Vi håper at gåvene blir til glede både for barnet, foreldra og fadrane!

Tilbake