Alle rettigheter 2019 Sykkylven kyrkjelege fellesråd

Fast gjevarteneste


Behov for auking i gjevartenesta.

 

 

Sykkylven kyrkje er avhengig av faste gjevarar om vi skal kunne halde fram med arbeidet og vekse. I dag har vi ca. 25 faste gjevarar som gir i snitt 600kr per månad.
Det første målet vi har sett oss er å auke dette til 50 gjevarar. 

Om du ønsker å gi fast så må du fylle ut eit skjema som du finn ved hovudinngangen til kyrkja eller på kyrkjekontoret. 
Skjemaet kan du også laste ned her.
Her kan du også oppgje personnummeret ditt slik at du kan få opptil 50 000kr i frådrag frå skattepliktig inntekt (i 2019). 

----

Bibelen er tydeleg på at alt vi eig, eigentleg høyrer Gud til. Og Gud ber oss om å gje, både av våre pengar, vårt arbeid og vår tid. Og vi blir utfordra til å gje både til vår eigen kyrkjelyd og til Guds rikes arbeid i heile verda. Difor vil vi at du tenker over om du vil vere med på ei fast gjevarteneste til Sykkylven kyrkjelyd. 
I 2. Kor. 9:7 står det: Kvar må gje det han har bestemt seg for i sitt eige hjarte, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar.
Fast gjevarteneste er ei hjelp til å få orden på dette med å gje, og difor håper vi at du vil vere med på ei ordning med Avtalegiro.
 

 

Tilbake