No er det tid for oppstart av alle aktivitetane igjen. Vi i kyrkja kan gle oss over å få starte opp enno eit kortilbod: «Kor Kjekt» for 3.-7.klasse, med Nathalie Kanestrøm som dirigent.
Barnekor og Ungdomskor i Sykkylven og Ikornnes kyrkjer
No står dirigentar og leiarar klare til å ta imot born og ungdom i alle aldrar til kor i kyrkjene.
Barnekoret Super er for born i 3 – 8-årsalder. Dei øver annankvar onsdag i Sykkylven kyrkje, med oppstart 28.august. Dirigent er Natalia Leknes, saman med Julie Lermo.
Kor Kjekt er for born i 3.-7.klasse. Dei øver annankvar mandag i Sykkylven kyrkje, med oppstart 16.september. Dirigent er Nathalia Kanestrøm, saman med trusopplærar Kathrin Notanes Riksheim.
Sykkylven Ungdomskantori er for ungdom frå 7.klasse og oppover. Dei øver i Sykkylven kyrkje kvar torsdag, med oppstart 29.august. Dirigent er kantor Rose Iren Stave, saman med Jorun Rausand.
Jippikoret er for 1.-7.klasse. Dei øver annankvar torsdag i Ikornnes kyrkje, med oppstart 19.september. Dirigent er Rose Iren Stave, saman med Liv Ekornes, Karin Welle Skrede og Lindis Lade Rønes.
Nye og gamle songarar er hjarteleg velkomne!
Skreve av Kantor Rose Iren Stave
Dirigentar og leiarar gled seg til koroppstart. Frå venstre: Rose Iren Stave, Kathrin Notanes Riksheim, Nathalie Kanestrøm, Julie Lermo og Natalia Leknes.
Foto: Marisol.