Korseminar


Korseminar


Sykkylven kyrkje 7.-9- februar.

Alle kan lære å dirigere, og alle kan synge! 

Bli med og lær noko nytt saman med andre på din eigen alder: frå 4.klasse og oppover til ferdig vidaregåande-alder. Det kjem fleire ungdommar som syng i kor i Spjelkavik kyrkje, og det kjem også ungdommar frå andre stadar. Dei som kjem frå Sykkylven, kan enten overnatte i kyrkja eller heime. 

Oppstart fredag kl.18:00

Vi øver inn mange nye songar som vi syng i gudstenesta søndag kl.11:00. 

Laurdag blir den store øvedagen, frå kl.9:00. Men vi har også pausar, og kl.17:00 går alle som vil, bort til Kulturhuset og ser på UKM. 

Leirsjef og kjøkkenansvarleg er Kathinka Møller frå Spjelkavik, så vi får god mat.

Musikk- og instruksjonsansvarleg er Rose Iren Stave frå Sykkylven, og Carolin Eide, kantor frå Eidsdal, blir med som akkompagnatør.

Pris for medlemmar i Ung Kirkesang er kun 500kr. Medlemskap får du når du betaler medlemskontingent i ditt lokale kor, eller i det regionale ungdomskoret. Betaling blir fakturert etter helga.

Spør om du lurer på noko! Det er lov å kome og prøve. 

Påmelding pr mail direkte til Ung Kirkesang sin opplæringskonsulent, Ingvild Vist: ingvild@sang.no 

Skriv: Namn, fødselsdato, adresse, postnummer, mobilnummer, e-post, og eventuelt namnet på koret ditt.

Velkommen til Sykkylven kyrkje fredag 7.februar kl.18! Gå inn kjellarinngangen.

Alle velkomne til gudstenesta søndag 9.febr kl.11! Kom og høyr og syng med oss.

 

Tilbake