Urnenedsetting


Urnenedsetting


Mange opplever det fint å kunne ta eit siste farvel ved å vere til stades ved urnenedsettinga. Ved ei urnenedsetting er det dei pårørande sjølve som avgjer korleis urnenedsettinga skal skje. På førehand er det avtalt grav/stad og det er gjort klart for å sette ned urna.

Urnenedsettinga kan utførast utan pårørande, men vanlegvis ønsker nokon frå familien å være til stades. Pårørande møter gravplassmyndigheita sin representant til avtalt tid og stad. Representanten har med seg urna. Før urnenedsettinga vil pårørande bli vist urna og namnet som står på denne.

Pårørande kan velge om dei vil legge jorda tilbake etter senkinga, eller om dei ønskjer at gravplassbeteninga tek seg av dette. Ei urnenedsetting tek normalt omlag 10 minutt.

Tilbake