Avgift og reglar ved namna minnelund


Avgift og reglar ved namna minnelund


Denne er snart klargjort til bruk.

Jamfør vetaket i Sykkylven kommunestyre (SKT - 05/25) er avgiftsnivået som følger:

1. Sykkylven kommunestyre har, i lys av avgiftsnivået i våre nabokommunar, kome fram til følgjande
    forslag til avgift ved urnenedsetting i minnelunden i Sykkylven kommune:
2. Namna minnelund for 20 år (betalt år 1) = kr. 9000,- (årleg justert for KPI). (inkl. plate m/innskrift og
    montering, stell minnelund)
3. Namna minnelund for utanbygds, for 20 år (betalt år 1) = kr. 13500,- (årleg justert for KPI).
    (inkl. plate m/innskrift og montering, stell minnelund)
4. Vedtaket er fastsett av Sykkylven kommunestyre, jf. gravplasslova §21

 

Reglar for minnelunden
(utdrag)

Namna minnelund er ein felles minnestad, med namneplate på felles minnesmerke og dedikerte plassar for plassering av avskorne blomar og enkle gravlys.

Det er altså lagt opp til å sette avskorne blomar i dei grøne plasthaldarane på dei to dedikerte installasjonane ved benkane, samt enkle gravlys på installasjonane mellom minnesøylene.

For å bevare minnelunden som ein verdig og felles minnestad ber vi difor om at:

  • Blomar, gravlys eller andre gjenstandar ikkje vert plassert der urna er sett ned
     
  • Ingenting vert hengt opp på namneplata eller på gravminnet
     
  • Figurar, kort eller andre personlege gjenstandar ikkje vert lagt ut
     
  • Blomar i potter eller gravlykter ikkje får ei fast plassering
     
  • Det ikkje vert planta blomar eller andre vekstar
     
  • Faklar eller liknande ikkje vert plassert ved gravminnet eller andre stader i minnelunden


Meir informasjon om gravferd og vedtekter finn du på
www.sykkylven.kyrkja.no/Gravferd

Tilbake