100 års jubileumsfest for nynorsk salmebok


100 års jubileumsfest for nynorsk salmebok


Ikornnes kyrkje fredag 7. november kl. 18.00.

Allsong, Solistar og Musikarar.
* Per grønli på trompet,
* Kent Tandstad på saxofon og sang,
* Margrethe Velle Ødegård på solosang

* Kantor Rose Iren Stave på orgel og flygel

Fest med marsipankake og kveldsmat
Arrangør: Sykkylven mållag og Ikornnes sokneråd

Velkomen til

 salmefest i Ikornnes kyrkje 

fredag 7. november 2025 kl. 18.00. 

Har du ein salme du er glad i?  Kanskje ein som stod i skulesalmeboka di? 

Eller er det ein salme av nyare dato som rører ved deg?  

Denne får du høve til å ynskje deg når vi skal feire at Nynorsk Salmebok er 100 år i år. 

Korfor feire at ei salmebok er 100 år? 

Salmane er ein del av  kulturarven vår, og utgjevinga av Nynorsk Salmebok i 1925 var ei historisk hending. 

Som vi veit la Martin Luther vekt på at evangeliet skulle forkynnast på morsmålet.  I den norske kyrkja heldt dei likevel fram med å bruke dansk i fleire hundre år etter reformasjonen.  Der var ikkje noko alternativ før det nye landsmålet  til Ivar Aasen, "det norske folkesprog"  fekk status som norsk skriftspråk i 1885. I 1920 kom lova om sokneråd. No skulle sokneråda avgjere om kyrkjemålet skulle vere landsmål eller riksmål, og salmesong var ein viktig del av liturgien. 

Dette var bakgrunnen for at Det Norske Samlaget i 1921 oppmoda tre dyktige prestar,  biskop Bernt Støylen, sokneprest Anders Hovden og biskop Peter Hognestad om å samle og utarbeide ei heilnorsk salmebok. Denne trioen gjorde eit formidabelt arbeid. Det fanst allereie ein del salmar på nynorsk; særleg då av Elias Blix, men ikkje mange nok til å dekke kyrkjeåret.  Så denne kreative komiteen skreiv nye salmar, og omsette frå dansk og fleire andre språk. Salmeboka med 711 salmar vart autorisert i desember 1925. 

Språkstriden var hard på denne tida, og salmeboka møtte mykje motbør.  Mange trudde at dansk var det språket  Jesus tala på  "Sinai bjerge".  For desse var dansk blitt eit opphøgja religiøst språk, medan dialekt og landsmål var til verdsleg og kvardagsleg bruk.  "Ein kan no ikkje be og banne på same målet", vart det sagt. Nokre hevda til og med at salmeboka var djevelens verk. Men salmeboka fekk også støtte og oppmoding til bruk. Alt i 1927 hadde ein tredjedel av kyrkjesokna i landet valt landsmål/nynorsk som kyrkjespråk, og såleis fekk nynorsk innpass som liturgisk språk. Dette var med på å gje nynorsk status som nasjonalt språk og medverka til ekspansjonen for nynorsk i åra framover. 

Nynorsk salmebok var i bruk i 60 år, til 1985, då vi fekk den nye, felles salmeboka. Salmane som vart samla eller skapte i arbeidet med salmeboka, lever vidare som vår felles salmeskatt. Nokre av desse, og nokre nyare, får vi høyre i Ikornnes kyrkje fredag 7. november. Då inviterer Ikornnes sokneråd,  Sykkylven Mållag og kantor Rose Iren Stave til salmefest i Ikornnes kyrkje og til kveldsmat med festkake etterpå. 

Gåva til kvar deltakar denne kvelden er eit skjeldant høve til å ynskje  ein salme som kantor spelar til og som vi alle kan synge med på. 

 Medverkande er også Per Grønli på trompet, Kent Tandstad med song og saksofon og Margrethe Velle Ødegård med song. 

Noko å gle seg til! 

Berit Bjørlo, Sykkylven Mållag

Tilbake