Velkommen til konfirmantåret 2026/2027


Velkommen til konfirmantåret 2026/2027


Kyrkjene i Sykkylven opnar for påmelding til konfirmasjon den 9. juni kl. 18. Alle som er født i 2012 og som ønsker å konfirmere seg kan melde seg på, uavhengig om du er medlem i Den norske kyrkje eller ikkje. Du finn sjølve påmeldingsskjemaet på sida "Påmeldingar". 

Vi startar konfirmantåret med informasjonsmøte for foreldre og konfirmantar den 18. august kl. 18-19 der får du vite meir om leirar, korleis undervisninga vert og aktivitetar de skal delta i.

Presentasjonsgudstenester vert i Ikornnes kyrkje den 22. august og Sykkylven kyrkje den 30. august. 

Leirane vert på Fjellseter Ungdomssenter helgane 25.-27. september og 2.-4. oktober. Det kjem meir informasjon om påmeldinga til desse. 

De finn meir informasjon på sida "Konfirmasjon".

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med oss på kyrkjekontoret, kvardagar mellom kl. 10-14. Tlf. 702 46 900 eller på post@sykkylven.kyrkja.no.

Tilbake