Stor takk til kunstnaren Trine Tafjord Klokk (@virretrine)!
Dette er ikkje ei salsutstilling, men noko vi ser på som ei gåve til kyrkja og bygda ved å dele arbeidet sitt med alle som er innom dette lokalet i løpet av utstillingsperioden. Mot direkte kontakt frå publikum, og på eit generelt grunnlag, kan/vil vi opplyse om at bilda kan kjøpast ved å kontakte kunstnaren ved eit seinare/anna høve. Utstillaren har også hengt opp kontaktinformasjon og info om at bileta kan kjøpast.
Trine sjølv seier at ho "er så heldig å få vise fram litt av kunsten min i Sykkylven kyrkje i år" (jf. oppslag). Vidare skriv ho at bileta er måla i akryl/mixed media og handlar om draumar, fantasiar, minner, natur og fargar. Stiler er abstrakt og semiabstrakt.
Utstillinga vil vare fram mot jul. Velkomen til å kome innom for å studere bileta!
Ved spørsmål blir Trine berre glad om ho blir kontakta:
- Instagram: @virretrine_art, Facebook: virretrine art, Tlf.: 476 37 337, E-post: virretrine@gmail.com,
Her er nokon av bileta:





