Alle rettigheter 2019 Sykkylven kyrkjelege fellesråd

KRIK Sykkylven


Kvar laurdag frå kl. 16-18:00!

 


Velkommen til deg som går i 8.klasse og oppover!

Følg KRIK Sykkylven på Facebook
 

 _________________________________________________ 

KRIKs visjon er å skape idrettsglede, trosglede og livsglede.
KRIKs verdier er glede, frihet, stolthet og tydelighet.

​"KRIK ønsker å være et lavterskeltilbud for tro og idrett slik at idrettsutøvere på alle nivåer får et tilbud om et kristent fellesskap. KRIK ønsker gjennom sitt arbeid å være et kontaktledd mellom kirke og idrettslag, og arbeider på tvers av landegrenser, idrettsgrener, idrettsklubber, kirkegrenser, prestasjonsnivå og alder. Gjennom dette ønsker KRIK å hjelpe kristen ungdom til å være kristne i sitt idrettslag, motivere idrettsfolk til å delta aktivt i kirke og menighet, og bevare mennesker i troen på Jesus Kristus." (KRIK sine nettsider - krik.no).


I KRIK finn ungdom glede i eit rusfritt og inkluderande miljø.

Gode verdiar står sentralt i KRIK Sykkylven.
Her er det rom for alle, både om du er god i idrett og mindre god.
Samlingane er organiserte (av ungdommen sjølv), men ikkje på ein måte som ekskluderer nokon.
Målet er ikkje sportsleg framgang, men å ha det triveleg både sosialt og åndeleg.
Likevel er det rom for sunn konkurranse ;-)

Kva er KRIK?

KRIK står for kristen idrettskontakt. Sentralt i arbeidet er:
Glede:  trusglede, livsglede og idrettsglede
Fridom: til å prøve nye ting, og til å feile
Å vere tydeleg: på det vi trur på og kva verdier vi har
Stoltheit: over det vi trur på og er.

KRIK er ikkje ein idrettsorganisasjon, men eit samlingspunkt for kristne- og ikkje kristne ungdommar frå åttande klasse.


Kva gjer KRIK?

EI KRIK-samling i Storhallen/Aure skule består av oppvarming, pause med andakt og ulike lagidrettar.
Det kan for eksempel vere FUN-Battle, Freesbee Ultimate, volleball, Innebandy, fotball, handball eller basketball.
Oppvarmingsdelen består gjerne i leik og stafettar der alle skal kunne oppleve meistring.
Ungdommen sjølve set dagsorden, og på den måten er dei med på å utvikle ungdomsmiljøet i KRIK.
I tillegg til samlingane i storhallen har KRIK Sykkylven mål om å få til ein ungdomskveld i månaden.
Vi har også eigne overnattingsturar til Langnesvatnet e.l.

Krikkerane i Sykkylven vert oppfordra til å reise på KRIK- arrangement som:
- KRIK Explore
- KRIK Arena
- KRIK Action
-KRIK konfACTION
PS: Til desse leirane vil ein kunne få reisestøtte.


Kristent fellesskap
KRIK Sykkylven arbeider for at fleire skal bli inspirert til eit kristent liv i idrettslag og kyrkjelyd.
- Vi ønskjer å bygge eit fellesskap som gir rom for spørsmål og undring.
Vår draum og vårt håp er at KRIK Sykkylven kan verte ein av grunnpilarane i eit levande sunt og kristent ungdomsmiljø i bygda.

 

 

------------------

KRIK Sykkylven vart starta 06.08.2013.

KRIK Sykkylven har same visjon som moderorganisasjonen, Kristen Idrettskontakt.
KRIK Sykkylven vedtok eigne vedtekter, som er bygd på vedtektene til moderorganisasjonens, Kristen Idrettskontakt. 

Visjon: ”Kristen Idrettskontakt ynskjer å bevare, inspirere og vinne idrettsfolk til kristent liv i både idrettslag og kyrkjelyd.”

KRIK Sykkylven er ein demokratisk organisasjon, og har ingen profittmål. Ved eventuell nedlegging skal dei økonomiske midlane og eigendelane overførast til Sykkylven sokneråd for bruk til tverrkyrkjelege tiltak for ungdom i bygda.

 

Tilbake