For alle barn frå 4 år til og med 1. klasse!
Vi øver kvar onsdag kl. 17.00 til 18:00 i Kyrkjesal 1, Sykkylven kyrkje.
Leiar for koret er trusopplærar Anna.
Kva skjer på korøvingane våre? Først varmar vi opp kroppen og stemma med bevegelsessongar, så syng vi glade sanger om Jesus, og får høyre ei historie frå Bibelen i pausen. Nokre onsdagar har vi lagedag eller øving med uteleik etterpå, og har det kjempekjekt ilag.
Vi opptrer også for andre; vi syng på gudsteneste i kyrkja, på BUAS og av og til blir vi invitert andre plassar.
Vi har plass til fleire born som er glad i å synge!