Det er kjekt for store og små med sang og musikk!
Babysang er også ein fin treff-plass for å møte andre med barn.
Kvar mandag kl.10-13 er Sykkylven kyrkjekjellar open for babyar og foreldre, eller andre som følger babyen. Vi startar oppatt 20. august, velkommen!
Det er ei uformelt treff der vi får snakke saman om smått og stort. Babyane kan møte andre babyar, og det er sosialt for dei vaksne.
Kl.11.00 har vi Babysang. Det er ein halvtimes program der babyane får høve til å uttrykke seg og utfalde seg musikalsk. Leiaren vår er trusopplærar Anna Myklebust.
Vi syng enkle og kjente songar, og andre barnesongar med kristent innhald, og lærer rim og reglar. Slik kan dei små ta i bruk sansane sine, og lærer veldig mykje i løpet av nokre gongar på babysang.
Men OBS!! Den første måndagen i månaden møtest vi direkte på BUAS kl.11, istadenfor i kyrkja. Der sit ein ring av bebuarar og ventar, og mattene ligg klar på golvet i midten. Slik er vi med å spre glede! Songen startar, og dei eldre er med og syng, klappar med i rytmen, og gjer bevegelsar.
Har du baby? Kom og bli med på Babysang! Og vi ønsker fleire pappaer innom! Dette er for alle :)
Pris: Ingenting! Men den som vil, betalar 50,-kr halvåret i medlemskontingent, slik at vi kan søke støtte gjennom Ung Kyrkjesong.