Alle rettigheter 2018 Sykkylven kyrkjelege fellesråd

Fredagsklubben


Skyt luftgevær, x-boks, Playstation, air-hockey +++.
Møt mange andre 5.-7.klassingar!

 

Fredagsklubben 2018!

På fredagsklubben møter borna andre 5.-7. klassingar frå heile bygda- og klubben er open annakvar fredag frå kl.19.00 - 21.00. Det kan kanskje kallast det lengste friminuttet i veka, for her er det fritid med kjekke aktivitetar, eller ein kan berre henge med vennar. I haust har vi tatt i bruk eit nyoppussa aktivitets-rom. Der inne er det playstation, bordtennis, biljard og airhockey. Litt lenger inne er eit datarom med seks nye chrome-maskiner, der ungane kan boltre seg med spel, som ikkje inneheld skyting og som er innanfor aldersgrensa.  

Dørene opnar kl 18:45, og då står mange born klare for å komme inn i varmen. Frivillige vaksne stiller opp for at ungane skal vere trygge, og sørger for at dei får seg eit kveldsmåltid når vi har pause kl 20:00. Fleire foreldre stiller fleire gongar, og gjer ein super innsats for borna. I tillegg har vi faste ungdommar som hjelper til.

Litt info om fredagsklubben: Frå 70-90 barn møtast i kyrkjekjellaren, ein treng ikkje vere medlem for å vere med. Inngangspengar er 20 kr pr gong. Vi serverer til dømes pølse med brød, karbonade, bollar, vafler og anna enkel kveldsmat. 

I kyrkjestova spelar ungane spel, brettspel og ishockey-spel, og på det kreative bordet er det mange teikningar, kort og kunstverk som blir til. Vi har ein eigen gang som passar til luftgevær-skyting, og vaksne passar på så barna kan skyte fem skot kvar. Hausten 2017 starta vi med mobilfri sone, og det kjem vi til å fortsette med. Lydnivået har nok gått litt opp etter mobilfri sone vart innført, men leiarane i fredagsklubben ser på det som positivt at barna leikar og har det kjekt i lag. 

I matpausen er det fellessamling med ei kort undervisning om Jesus/Gud/Bibelen. Ein treng ikkje vere kristen for å vere med på fredagsklubben. Likevel er det bra at barna får lære litt om kristendommen. 

Fredagsklubben har vore eit tilbod i over 10 år, og det er ikkje få unge som har vore innom. For å vere attraktiv plass for gutar og jenter frå 9-13 år, er det eit mål å følge med på trendar og interesser. Derfor ønsker vi å kjøpe inn ein spillsimulator der ungane kan få ei spennande oppleving. Til dette formålet er vi interesserte i sponsorar og gode tips. 

Pris: Kr. 20,- pr. gong eller kr.100,- pr. semester.


For meir informasjon:
Ta kontakt med trusopplærar Anna Myklebust, tlf: 410 09 087, kyrkjekontoret på tlf.: 70 24 69 00 eller hovudleiar Roy Pettersen, tlf.: 970 68 352

 

Tilbake