Alle rettigheter 2019 Sykkylven kyrkjelege fellesråd

Familie-leir på Fjellsetra


Bli med på familie-leir på Fjellsetra 26.-28. oktober!

 

 

Bli med på leir! Det blir familie-leir på Fjellseter ungdomssenter siste helga i oktober, i samarbeid med kyrkjene i Sykkylven. Dette blir ein ”lavterskel-leir” for alle små og store familiar med barn, og det er Barne, ungdoms og familieutvalet til Ikornnes og Sykkylven kyrkje som arrangerer. For info om plassen sjå: http://www.fjellseterungdomssenter.com/startside

Pris: 
Familiepris kr 1500,-
Vaksen       kr   420,-
Barn           kr   330,-
(halv pris for berre eitt døgn)

Vi held på med kjekke aktivitetar for barn: orienteringsløp, kanopadling, og mykje meir kjekt, slik at ungane trives både ute og inne. Det blir nokre samlingar i løpet av helga, og vi satsar på fleire kaffi og tekoppar i godt selskap for dei vaksne. Det blir ei kjekk helg for både store og små! Kom og bli med om du har lyst på ei avslappande og sosial helg i flott natur! 

TRYKK HER FOR PÅMELDING

 

Etterkvart som folk melder seg på, vil vi lage ei facebook-gruppe der vi planlegger litt vidare. Påmeldinga har no starta, og det blir etter prinsippet først til mølla, vi håper å få plass til alle som vil. Dei som ikkje har mulighet til å overnatte på Fjellsetra, kan vere med på opplegget på laurdag til ein pris kr 100 pr person. 

For meir informasjon eller spørsmål, ta kontakt med trusopplærar Anna; trusopplaerar@sykkylven.kyrkja.no

 

Tilbake