Alle rettigheter 2019 Sykkylven kyrkjelege fellesråd

Konfirmant våren 2020


Kyrkjelydane i Ikornnes og Sykkylven ynskjer velkomen til konfirmantåret 2019/2020. 

 

Kjære konfirmant m/føresette

INNBYDING TIL KONFIRMASJONSTID 2019/2020

Kyrkjelydane i Ikornnes og Sykkylven ynskjer velkomen til konfirmantåret 2019/2020. 
På baksida står litt generell informasjon om konfirmasjonen. Her er nokre praktiske opplysningar:

Konfirmantopplegget
Konfirmasjonstida startar i september, og endar i mai 2019. Presentasjonsgudstenestane blir søndag 22. september i Ikornnes kyrkje og 29. september i Sykkylven kyrkje. 
Opplegget blir i år omtrent som det var i fjor:  
1.    Vi startar med weekend på Fjellseter Ungdomssenter. Klasse B og C er på weekend 6. – 8. september, klasse A er på weekend 13. – 15. september. 
2.    Vi har 4 konfirmantlaurdagar der det er undervisning/grupper/aktivitetar. Set av dei to første laurdagane til hausten: Laurdag 26. oktober og laurdag 16. november. Dei to siste laurdagane blir våren 2020.
3.    Konfirmantane skal i tillegg til konfirmasjonsgudstenesta delta på 6 gudstenester, desse må vere gjennomført før påske. Det er tre gudstenester i regi av kyrkja; presentasjonsgudsteneste, fasteaksjonsgudsteneste og ein kor konfirmanten deltek med ulike oppgåver. Dei tre andre bestemmer dei sjølv når dei vil gå, men dei må hugse å fylle ut ein lapp som dei får signert av presten og legg den i ei krukke som står i kyrkjerommet. Det er eit bevis på at dei var der.
4.    Konfirmantane kan vele mellom to ulike opplegg. Enten så følgjer ein det vanlege opplegget med nett-oppgåver, elles så kan ein velje å vere KRIK-konfirmant.* Nettoppgåvene har 10 ulike tema med oppgåver/spørsmål og desse må vere gjennomført før påske. 
Alle samlingar er obligatoriske, og det er berre sjukdom og heilt særskilte grunnar som skal til for å få gyldig fråvær til ei slik samling. Det er moglegheiter for at endringar kan skje i konfirmantopplegget – men det vil de få beskjed om.

* Nytt opplegg frå hausten 2019
Kvart år gjennomfører konfirmantane oppgåver på internett – «Nettkonfirmant» frå Skjømannskyrkja, i tillegg til leir, gudstenester og konfirmantlaurdagar. Men frå hausten 2019 vil konfirmantane få velje mellom to ulike opplegg. Enten så følgjer ein det vanlege opplegget med nett-oppgåver, elles så kan ein velje å vere KRIK-konfirmant. KRIK står for Kristen Idrettskontakt og KRIK´s sentrale visjon er å skape idrettsglede, trusglede og livsglede. KRIK Sykkylven deler denne visjonen, men har også fokus på at KRIK-samlingane skal være kjekke og at alle opplever meistring gjennom leik og aktivitetar. Som KRIK-konfirmant blir ein med på samlingar i lag, både før og etter jul. På KRIK er det mange ulike aktivitetar/leikar; stikkball, Fun-Battle, capture the flag, volleyball, innebandy, boksen går og mange fleir. I løpet av KRIK-samlinga er det ei samling med andakt/ord frå Bibelen. I KRIK Sykkylven har vi som mål at alle skal kjenne seg velkomne, og ein må ikkje vere idrettsutøvar for å kunne vere med.

PS: Sjølv om ein ikkje vel KRIK-konfrimant er ein velkomen til å være med på KRIK-samlingane.

Konfirmasjonsdatoar til våren er: 
Ikornnes kyrkje: laurdag 2. mai kl. 13:15 og søndag 10. mai kl. 11:00.
Sykkylven kyrkje: laurdag 2. mai kl. 11:00, søndag 3. mai kl. 11:00, laurdag 9. mai kl. 11:00.
Vi ønskjer at alle skal sjå, sitte og høyre godt på konfirmasjonsgudstenestane, difor vil vi sette begrensing på talet på konfirmantar på kvar av gudstenestene. Når ei gudsteneste er fullbooka, vil den forsvinne frå påmeldings-sida på internett, så dersom dato/klokkeslett ikkje er der, er det fordi den har blitt fullbooka. Vi ber elles om at de i størst mogeleg grad prøver å ringe i kontortida måndag - fredag 10.00-14.00, tlf. 70 24 69 00 for informasjon/spørsmål ang. konfirmantåret.
     
Påmelding
På heimesida vår, www.sykkylven.kyrkja.no  vil de frå og med onsdag 29.mai kl. 18.00 finne påmeldingsskjema (under fana PÅMELDINGAR) som du sender inn elektronisk. Hugs å fylle ut så nøyaktig som mulig, og ha gjerne eit bilete av konfirmanten klart for å laste opp, for når vi har bilete av konfirmantane er det lettare å bli kjent. Bortimot all informasjon til foreldre kjem til å skje via e-post og SMS, så det er viktig at de fyller ut e-post-adresse og mobilnummer om de har det. Om du ikkje har internett og kan fylle ut skjemaet der, så ta kontakt med kyrkjekontoret, så kan vi hjelpe. Påmelding startar altså onsdag 29. mai kl. 18.00, og frist for påmelding er 9. august. 

Sykkylven 21. mai 2019

Helsing    

Erlend Lunde, Simen Nordbrønd Myklebust og Katrine Numme    

____________________________________________________________________________
 

Informasjon om konfirmasjon – Sykkylven og Ikornnes kyrkjelydar

Kven kan ta del?
Konfirmasjonen er ei oppfølging av dåpen.  Konfirmasjonsåret vil gi opplæring i kva det vil seie å vere og leva som ein kristen. Sjølv om konfirmasjonen er oppfølging av dåpen, er også den som ikkje er døypt velkomen til å ta del i både undervisning og miljøsamvær. Den som ynskjer å fullføre konfirmasjonen må vere døypt. Du treng ikkje ta stilling til eventuell dåp før mot slutten av konfirmantåret. Ta gjerne kontakt dersom du lurer på noko.

Deltaking
Konfirmantåret er frivillig. Tenk over kva du vil med året. Samtal gjerne med foreldra dine eller kontakt oss for ein prat. Vi ynskjer at utbyttet skal verte det beste for alle. Difor bed vi deg forplikte deg til å ta del i opplegget med ei positiv innstilling. Ved å fylle ut påmeldingsskjemaet så forpliktar du deg til det. Dersom konfirmanten ikkje skulle halde sin del av avtalen, kan i verste fall konfirmasjon bli foreslått utsett. Føresette forpliktar seg også med dette å stille ein gong i løpet av konfirmanttida, som kjøkenmedarbeidar, ryddehjelp, nattevakt m.m. Her vert ein sett opp på liste som vert utsendt seinare. 

Behov for hjelpelærar?
Kyrkja har i utgangspunktet ikkje ekstra lærarar å sette inn. Men det er viktig for oss at du får den hjelp du treng i konfirmasjonstida. Ta difor kontakt med ein av prestane om de vil ta ein nærmare prat ang. dette.

Personlege opplysningar
Alle personlege opplysningar som du gir oss ved påmelding er underlagt teieplikt frå vår side. Dette gjeld sjølvsagt også tilleggsopplysningar som de vel å gi munnleg, t.d. fast bruk av medisin, lese- og skrivevanskar, ADHD, særskilte forhold i familien som kan påverke konfirmanten, eller andre tilhøve som den ansvarlege for konfirmanttida bør kjenne til. Vi ynskjer at konfirmanttida skal vere best mogleg for den enkelte konfirmant, og det er lettare for oss å legge til rette dersom vi får slike opplysningar.

Loddbøker
I infobrevet som de vil få etter påmelding (vi sender det ut rett etter sommarferien) vil de få 3 loddblokker som konfirmantane skal selje. Dette er ein del av kyrkjemessa og kyrkjelyden si innsamling til barne- og ungdomsarbeidet. Sidan konfirmantopplegget er ein del av dette barne- og ungdomsarbeidet er det naturlig at konfirmantane er med på denne dugnaden. 

Økonomi
Konfirmasjonsopplegget kostar pengar. I tillegg til lønsutgifter, er det også utgifter til leir på Fjellsetra, mat, undervisningsmateriell, vask av kapper, og utgifter i samanheng med aktivitetsgruppene. Pris for konfirmantopplegget er kr. 1700,- Faktura vert tilsendt etter påmelding. Vi ynskjer ikkje at nokon skal la vere å konfirmere seg på grunn av vanskar med økonomien. Viss dette er eit problem, så ta kontakt med oss slik at vi saman kan finne ei løysing. 


Helsing 

Erlend Lunde, Simen Nordbrønd Myklebust og Katrine Numme

 


 

Tilbake