Alle rettigheter 2019 Sykkylven kyrkjelege fellesråd

Ikornnes kyrkje har fått flygel!


Tusen takk til dei tilsette ved Ekornes fabrikker!

 

 

Dei tilsette ved Ekornes fabrikker gav kr. 100.000,- av julegåva 2018 til kjøp av flygel i Ikornnes kyrkje!

For desse pengane har vi no fått eit nydeleg Kawai KG-2 frå 1980, fullstendig renovert i år av Aspheim pianoforretning i Oslo.  Flygelet har ein fyldig, klar og varm klang, og er godt å spele på for all type pianomusikk. Kawai er kjend for å vere eit solid merke, så at det har stått i ein heim nokre år og blitt innspilt, er berre fint.

Første innviing av flygelet skjer under korkafeen/konserten til Hundeidvik blandakor søndag 10. nov. kl. 17:00,
med Tor Einar Steinsvik som akkompagnatør. 
Alle er velkomne til konsert!

Andre innviing blir på gudstenesta søndag 17.11. Kl.11.00,
saman med Jippikoret, Per Grønli på trompet og Rose Iren Stave ved flygelet,
og med presentasjon av det nye soknerådet. 
Alle er velkomne til gudsteneste!
 

 

Tilbake