Alle rettigheter 2020 Sykkylven kyrkjelege fellesråd

BlesSing har vore på tur!


Frå 7.-9.februar var BlesSing med på Vintertreff i Ulsteinvik

 

For fjerde året på rad har BlesSing reist på Vintertreff, eit felles møtepunkt for alle Ten Sing grupper i Møre og Romsdal og i år var det også fleire Ten Sing grupper frå Sogn og Fjordane som var med. 250 ungdommar og leiarar var samla i Ulsteinvik. Tema for helga var "God tid" og tema gjekk igjen i songar, seminar og andakter. Ungdommane fikk lære om kva "god tid" kan bety frå ulike perspektiv. Tida kan gå fort og den kan gå sakte. Vi har ei fortid og ei framtid. Kva skal ein gjere med den tida man har? Kva skal ein bruke den på? Det er nokon av spørsmåla som ungdommane fekk bryne seg på. 

På laurdag kveld var det fleire kjekke seminar og aktivitetar, og eit av høgdepunkta var når BlesSing fekk framføre tre songar som dei har øvd på. Det var to konsertar på laurdag kveld og alle Ten Sing gruppene som ville kunne framføre og vise kva dei hadde jobba med. Som dirigent og leiar i BlesSing var det stor stas å sjå korleis dei alle strålte av glede når dei fekk så god respons frå publikum og dei andre Ten Sing gruppene. 

Alle var enige om at det var ei kjekk helg, og vi gleder oss allereie til neste år og eit nytt Vintertreff!


Foto: Svein Arne Orvik


Foto: Svein Arne Orvik


Foto: Svein Arne Orvik

I tradisjon vert det teke bilete av alle hendene med armband på, for å vise at NO er vi i gang! :-) 


Foto: Katrine


Foto: Katrine


Foto: Katrine

 

Tilbake