Alle rettigheter 2020 Sykkylven kyrkjelege fellesråd

Felles dugnad mot smittespreiing


Informasjon pr. 18.03.2020 kl. 16:00

 

I samråd med lokale og nasjonale bestemmelsar vil kyrkja i Sykkylven-Ikornnes skape tryggleik for kyrkja sine tenester i tida framover. 
Med grunnlag i dei omfattande nasjonale bestemmelsane har vi følgjande å melde:

Gravferd, dåp, konfirmasjon og vigsel i kyrkjene i Sykkylven-Ikornnes.
Kyrkja vil følgje råd frå Folkehelseinstituttet (link) og Sykkylven kommune (link) knytt til Korona-epidemien.

Gudstenester
Gudstenester, kor, klubb og annan sosial aktivitet er stengd inntil vidare. Vi utfordrar kyrkjelyden til bøn og diakonal teneste ved å ringe til folk og prate med dei. Tilby deg å handle for folk om det er nokon som ikkje kjem seg ut. Ver obs på å ikkje bryte aktuelle råd om smittevern.

Dåp
Dersom du har bestilt dåp vil den kunne gjennomførast med ein kort sermoni med berre dei næraste til stades (Maks 15 pers). Dette vert gjort etter nærare avtale med kyrkjekontoret. Den kan også utsetjast på ubestemt tid og takast igjen seinare. 

Konfirmasjon
Konfirmasjonane er utsett på ubestemt tid. 
Andre spørsmål knytt til konfirmasjonsførebuinga:
Oppmøte og oppgåver knytt til gudstenester vert avlyst. Alle får godkjent.
Felles foto for heile kullet må truleg utsetjast. 
KRIK er stengt inntil vidare og deltakarane får godkjent oppmøte.
Fasteaksjon vert gjort digital. Det vert ikkje bøsseaksjon.
Nettkonfirmant går som normalt. Konfirmantane har no GODT høve til å fullføre dette.

Gravferd
Det vert gjennomført gravferder og bisettingar med eit avgrensa tal personar til stades. Pårørande vil få nærare informasjon.
Moglegheita for minnesamvær er utsett på ubestemt tid, til situasjonen tillater det.

Vigsel
Vigslar kan gjennomførast med avgrensa tal personar til stades. Ta kontakt for nærare informasjon.

Nettaktivitet. 
Kyrkja vil legge ut preiker og anna til glede og oppbygging på heimesida www.sykkylven.kyrkja.no og www.facebook.com/sykkylvenkyrkje/

 

-----

Vi gjer fortløpande vurderingar i forhold til gjennomføring eller ikkje og søker å informere så tidleg som råd.
https://www.sykkylven.kyrkja.no/Kalender


Vi viser elles til infomasjonen frå Møre bisbedømme:
https://kirken.no/nn-NO/bispedommer/more/

 

Tilbake