Gudsteneste på nett 22. mars


Maria bodskapsdag, søndag 22. mars.

 

GUDSTENESTE I SYKKYLVEN OG IKORNNES SOKN
MARIA BODSKAPSDAG, SØNDAG 22.MARS 2020.

Nådehelsing
Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus.

Bøn for dagen
Unders Gud,
du lét Son din bli menneske, unnfanga ved Den heilage ande.
Vi bed deg:
Gje oss slik tru som Maria hadde,
og gjer oss modige som henne,
så vi kan gjera din vilje i kjærleik, og lovsyngja deg,
ved Jesus Kristus, vår Herre,
som med deg og Den heilage ande lever og råder,
éin sann Gud frå æve til æve. Amen

Salme 131 Vi synger med Maria

Dagens preiketekst
Det står skrive i evangeliet etter Lukas:  (Lk.1,26-38)
Då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria. Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda. Men engelen sa til henne:

«Ver ikkje redd, Maria!
For du har funne nåde hos Gud.

Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,
og du skal gje han namnet Jesus.

Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.
Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.

Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,
og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»

Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?» Engelen svara:

«Den heilage ande skal koma over deg,
og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.
Difor skal òg barnet som blir fødd,
vera heilagt og kallast Guds Son.

Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Ho som dei sa ikkje kunne få born, er alt i sjette månaden. For ingen ting er umogleg for Gud.» Då sa Maria: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så forlét engelen henne..
Slik lyder det heilage evangeliet. 

Preike

Maria og mor mi.

Vi har faktisk ein ting til felles alle saman. Vi har ein navle. Det vil seie at vi alle har hatt ei mor. Etter at navlestrengen vart kutta vil nok tilhøvet mellom barn og mor vere heilt ulikt frå person til person. Eg har mi historie.

Eg fekk ein hard fødsel. Både eg og mor heldt på å stryke med. Eg trur mor mi bar på ein del frykt i barndomen min. Ville eg få fødselsskadar som kunne plage meg? Ville eg vekse opp og vere frisk? Eg hugsar eg måtte vere heime frå skulen ved det minste teikn til sjukdom. Mor var nok kanskje litt overbeskyttande. Mor var der. Som ein beskyttar. Som den som ordna alt. At eg hadde klede og mat. Den som synte omsorg. Mykje småstein vart plukka ut av sår, mang ei tåre vart tørka bort. Mor hadde nok draumar og tankar om kva eg skulle bli. Om kven eg skulle vere om eg vaks opp. Ei venninne av mor ville eg skulle bli ballettdansar! Fri og bevare!  Nei, eg fekk velje sjølv. Utan krav om å verte arkitekt, slik som far min.

Vi veit ikkje om Jesus hadde ein hard fødsel. Vi veit at foreldra måtte legge han i ei krubbe etter fødselen. Så trange kår var det nok.  Det som vi også veit er at tida frå sonen vart avla og fram til fødselen må ha vore veldig hard. Gravid utanfor ekteskap og alt det der. Heldigvis fekk ho støtte av Josef, som ho var trulova med.  I åra som gjekk måtte ho oppleve mykje det same som mange mødre må i dag. Ho måtte ta vanskelege val og prioriteringar for å verne sonen sin. Familien valde å flykte til Egypt for å hindre at Herodes tok livet av Jesus. Mange foreldre må ta val for kva dei gjer i livet sitt ut i frå kva behov borna har, f.eks innan læring og helse.  Maria fekk kjenne på fortvilinga over å ha mista Jesus i eit besøk til Jerusalem då han var 12 år. Han var borte for dei i tre dagar før dei fann han att. Dette er eit mareritt som mange foreldre fryktar og som mange diverre har opplevd.

Etter at Jesus vert vaksen, endrar biletet seg. Det vert tydeleg at Maria ikkje lenger berre er Jesu mor. Ho vert på ein måte vår mor også. Det vert tydeleg at Han ikkje berre tilhøyrer henne. Vi snakkar ikkje om at ei ny kvinne dukkar opp i livet hans, snarare heile menneskeslekta! Maria sin son står fram som Menneskesonen; vår frelsar og vår bror.

Så fekk ho oppleve at sonen gjekk bort frå snikkaryrket til faren og vart lærar. Han fekk elevar som fulgte han i eitt og alt. Ho fekk sjå og høyre kva storverk han gjorde. Når ho, som mor, ville ha han for seg sjølv, fekk ho dette til svar: «Kven er mor mi og syskena mine?... Den som gjer Guds vilje er bror min, syster mi og mor mi» (Markus 3,33-35). Dette må ha vore vondt for Maria å høyre. Men eg trur ho etterkvart forstod at ho måtte dele sonen sin med alle menneske. For Jesu Far hadde andre planar for han enn å snikre og byggje hus å bu i og stolar til å kvile på i Nasaret og områda rundt. Han skulle byggje oss ein evig heim og gje oss evig kvile. Dette kunne ikkje byggjast av menneskehender, men av Menneskesonen. Han gav seg sjølv for oss på krossen og opna vegen til himmelen. Johannes vitnar om noko av det Jesus sa til han medan han leid for oss på krossen. Johannes hadde då Maria, Jesu mor, ved sida si. Jesus sa: «Kvinne, sjå, der er son din». Så sa han til læresveinen: «Det er mor di».

Så er vi då ein familie, alle som ser Jesus på krossen i hjarte og sinn? Vi skal ta vare på kvarandre som syskjen, mor, far, dotter eller son. Med ulike roller er vi bunde saman i trua på Jesus. 

Vi er også bunde saman som samfunn. Samfunnet, fellesskapet, ja, heile skapningen lid no. Vi treng meir enn nokon gong å stå saman som syskjen.

No er det mi tid for å bekymre meg for korleis det skal gå med mor mi. Ho er aldrande og har astma. Ho treng ikkje akkurat å bli smitta no, om du forstår? Då kan det kanskje vere ei øving å lukke auga, står ved Jesu kross, høyre hans ord seie: «Det er mor di», snu deg og sjå kven som står der.  Gjer det du kan for å ta vare på dei rundt deg. Eg vil i alle fall seie deg: Di mor, er mi mor.

Maria bar på smerte som mor.
Eg ber på smerte som son og bror.
Jesus ber oss alle på denne jord.

«Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera, eg vil gje dykk kvile.» Matt 11,28.

Salme 564 Som barn i ditt hus

Forbøn
Lat oss samlast i bøn, i Jesu namn.

Og lat oss be for dei borna som ikkje kan døypast i desse tider,
for dei som ikkje kan viast til ektefolk i desse tider,
konfirmantane våre som ikkje kan konfirmerast i desse tider.
Ver hjå oss som opplever at planane våre fell i grus og det vi gledde oss til ikkje vert slik vi håpa.

Lat oss be for folket vårt og for dei som styrer og har ansvar i samfunnet.  Lat oss særskilt be for næringslivet og alle som prøver å halde hjula i gang. Dei som må lide økonomiske tap i denne tid. For helsepersonell, ambulanse, politi, brannvesen og for dei som sørger for vatn, straum og avfallshandtering for fellesskapet.

Himmelske Far, verna i nåde om folk og fedreland. Velsigna vår konge Harald og hans hus, og gjev visdom og kraft til alle i ansvarsfulle stillingar, så dei kan gjera si gjerning til ære for deg og til signing for folket. Vi bed særskilt for ordføraren og kommuneleiinga, for statsministeren, regjeringa og stortinget. Hjelpe dei å arbeide saman og ikkje mot kvarandre i denne tida.

Himmelske Far, miskunna deg over vår angstfylte verd. Hjelp oss så vi ikkje vert skuld i ufred og strid, men lever saman i fred.

Miskunnsame Gud, du som i kjærleik tek deg av alle dine skapningar, vi bed deg, høyr vår bøn for alle som er i naud og trengsel, for einsame, sjuke og for dei som strir med døden. Fri dei frå motløyse og fortviling. Styrk dei i lidinga, og lat dei få kjenna di nådige hjelp, ved Jesus Kristus, vår Herre.

Herre høyr vår bøn. Amen.

Herrens bøn
Vår Far i himmelen.
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld,
slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt
og makta og æra i all æve.
Amen.

Salme 757 Gud signe vårt dyre fedreland

Velsigninga
Herren velsigne deg og vare deg. Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig. Herre løfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred. 
       
 

Tilbake