Meditasjon og bøn 18. juni


Meditasjon og bøn 18. juni


Vel møtt til meditasjon og bøn i kapellet i Sykkylven kyrkje kl. 20!
Eller heime når det passer for deg.

Vel møtt til meditasjon og bøn 18. juni kl. 20!
(eller når det passer for deg)    
NB. Dette er siste samlinga før ferien
Vel møtt til hausten.

*Salme: Nr. 574: Ånd frå himlen, kom med nåde


*Kristusbøna
Herre Jesus Kristus, Du står her føre meg, du er også bak meg. Du er på mi høgre side, du er på mi venstre side.Du er over meg, du er under meg. Du omgir meg på alle sider.Du bur i hjartet mitt. Du fyller meg heilt, Og du elskar meg, Herre Jesus Kristus.
Amen 

*20 minutts stille som byrjar med: I namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande

* Åndeleg lesing: Apgj 2. 14-21.

 Då steig Peter fram saman med dei elleve. Med sterk røyst tala han til dei:
        «Jødiske menn og alle de som bur i Jerusalem! Merk dykk kva eg seier. Ja, lyd vel til orda mine! 15 Desse menneska er ikkje fulle, som de trur. Det er då berre tredje timen på dagen. 16 Men dette er det som er sagt gjennom profeten Joel:
          
    17 I dei siste dagar skal det henda, seier Gud,
           at eg auser ut min Ande over alle menneske.
           Sønene og døtrene dykkar skal profetera,
           dei unge skal sjå syn,
           og dei gamle skal drøyma draumar.
  
    18  Sjølv over slavane og slavekvinnene mine
           vil eg ausa ut min Ande i dei dagane,
          og dei skal tala profetord.
          
    19  Eg set varsel oppe på himmelen
           og teikn nede på jorda,
           blod og eld og røykskyer.
          
    20  Sola skal bli omskapt til mørker
           og månen til blod
           før Herrens dag kjem, den store og strålande.
          
    21  Men kvar den som kallar på Herrens namn,
           skal bli frelst.


Frans av Assisis bønn:
Herre gjør meg til redskap for din fred!
La meg bringe kjærlighet der hatet rår.
La meg bringe forlatelse der urett er begått.
La meg skape enighet der uenighet rår.
La meg bringe tro der tviler rår.
La meg bringe sannhet der villfarelse rår.
La meg bringe lys der mørket ruger.
La meg bringe glede der sorg og tyngsel rår!
Å Mester!
La meg ikke søke så meget å bli trøstet som å trøste.
Ikke så meget å bli forstått som å forstå.
Ikke så meget å bli elsket som å elske!
For det er gjennom at man gir at man får.
Det er ved å glemme seg selv at man finner seg selv.
Det er ved å tilgi andre at man selv får tilgivelse!
Det er ved å dø at man oppstår til det evige liv!
Amen

Takk Gud for at du høyrer våre bønner når vi vender oss til deg

*La oss fortsette å be høgt eller stille.

*Lat oss be Herrens bøn:

Vår Far i himmelen! 
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
Og tilgjev oss vår skuld, slik vi og tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt,
og makta og æra i all æve,
Amen. 

*Bønerop:
Å Gud høyr vår bøn! Å Gud høyr vår bøn!
Når vi bed, gjev oss svar.
Å Gud, høyr vår bøn, Å Gud høyr vår bøn!
Kom og ver du oss nær. 

*Velsigning
Velsign oss, Gud Fader, Velsign oss Guds son,Velsign oss Gud, du Heilage Ande. Amen
 

Tilbake