Alle rettigheter 2020 Sykkylven kyrkjelege fellesråd

Påskehelsing frå prosten


 
 

Vi lever i ei underleg tid med begrensningar vi aldri har sett maken til. Mange er bekymra. Nokre er redde og mange synest det blir både håplaust og einsamt. Det er eit sakn å ikkje kunne samle venner og storfamilia rundt seg, og det er slitsamt å ikkje vite når det heile kjem til å gå over.

Her eine dagen kom det eit bilete frå nokre av barnebarna, - måla på stovevinduet i regnbogens fargar og med teksta: «Alt blir bra».  Bildet viser også håpefulle barneansikt som har tru på at vi skal tilbake til normalen.

Dette fekk meg til å tenkje tilbake til ein håplaus og krevjande situasjon eg opplevde på Geirangerfjorden i eigen båt midtvinters, like etter eg var komen som prest til Sunnylven og Geiranger. Denne iskalde seinettermiddagen og februarnatta, hadde eg fått motorstopp, og dreiv timesvis, hjelpelaust omkring mellom Dei sju søstre og Friaren. Ingen kommunikasjon. To små born om bord.  Naudrakettar vart skotne opp då kveldsflyet frå Oslo passerte over oss, i håp om at dei skulle oppfatte vår naud. Bøner gjekk også rett til vers…

Midt i denne fortvilinga slo det ned i meg: Dette går sikkert bra. Neste onsdag er eg som planlagt på veg innover mot Geiranger igjen til konfirmasjonsundervisning, institusjonsbesøk og ungdomsklubb….  Ja da. Hjelpa ho kom frå både Sunnylven og Geiranger etter at Hovudredningssentralen og Vårherre var alarmert..

Opp i alt det usikre vi opplever, er det påsketid. Ho handlar også om det som djupast sett er håplaust, men som får si løysing.  «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg», er langfredagen sitt tydelege rop.  Kontrasten blir så stor frå denne dødsdagen til oppstoda sin morgon med englebodskapen frå den tome grava: «Han er ikkje her! Han har stått opp».

Så gjekk det over der også, djupast sett for at vi også ein gong skal kunne få gå over….

«Frykt ikke mere! Evig er han med. Troens øye ser det: Han gir liv og fred»

Ei retteleg GOD PÅSKE

frå
Svein Runde
Prost i Nordre Sunnmøre prosti

Tilbake