Alle rettigheter 2020 Sykkylven kyrkjelege fellesråd

Gudsteneste 26. april - i tekstformat


GUDSTENESTE 3.søndag i Påsketida 2020

 
 

PDF-VERSJON
 

Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

Salme 532 Guds kirkes grunnvoll ene

Bøn for dagen

Jesus Kristus, gode gjetar, du kjenner oss og fører oss på rettferds stigar. Vi bed deg: Vakt oss mot alle farar og leit oss opp når vi går oss vill, så vi kan samlast hos deg i ditt evige rike, du som med din Far og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.


Bibelteksten. Evangeliet etter Johannes, kapittel 10.

11 Eg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene. 12 Men leigekaren, som ikkje er gjetar og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømmer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13 For han er leigekar og har ikkje omsorg for sauene. 14 Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, 15 slik som Far kjenner meg og eg kjenner Far. Eg set livet til for sauene. 16 Eg har òg andre sauer, som ikkje høyrer til denne flokken. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal bli éin flokk og éin gjetar.
    17 Far elskar meg fordi eg set livet til så eg kan ta det tilbake. 18 Ingen tek livet mitt, eg gjev det frivillig. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det tilbake. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»


Preike
«Den gode bedriftsleiaren»
I ei industribygd som vår er spørsmålet om kven som er den gode bedriftsleiaren veldig viktig. Vi ynskjer solide bedrifter med god leiing. Vi er avhengige av det for å overleve som bygd. 
Nokre spørsmål vi må avklare: Kva vil det seie å vere «god»? Og kven er «bedrifta»? 
Når det skal snakkast om gode bedriftsleiarar her i bygda kjem ofte namn som Jens og Jens Petter Ekornes opp. Folk fortel om desse bedriftsleiarane med glans i augo. Korleis dei bygde og kjempa i lag med sine arbeidarar. Når det gjekk bra så delte dei overskotet med arbeidarane og når det gjekk dårleg tok dei tapa i lag. Det var nærleik og samhald, sjølv om det var tydeleg kven som var sjef. Så kva er det å vere ein god sjef? Ordet «god» kan fort verte litt mekanisk i tydinga, «flink» eller meir emosjonelt forstått som «snill». Eg trur folk forstår at den «gode» bedriftsleiaren må vere meir enn flink og snill. Ho eller han må ofre seg for bedrifta. Tid, kunnskap og vilje kan kanskje vere eigenskapar ein må gje for at resultatet skal bli bra. Vilje kjem fram i vanskelege tider. Trur leiaren på bedrifta eller stikk han av når ting vert vanskeleg?

 Kven er så «bedrifta»? Det er meir enn eigarane og styret. Det er meir enn sjefen. Det er alle arbeidarane også. Det er lett at det vert eit «oss» og «dei» mellom arbeidarar og leiinga. Om det ikkje er eit klart «vi» så vil vanskelege tider spreie folket som vinden for ingen har trua på at vi kjem berga ut på den andre sida. Eit «vi» kan berre skapast med nærleik og god kommunikasjon frå bedriftsleiaren. Ho eller han må kjenne bedrifta og sine arbeidarar. Møte på festen når ein feirar gode tider og smake på tapa når det er nedgang. Ofre alt for å snu underskot til overskot. Gjere alt for å halde flokken samla, gje liv og overflod for sine.

Hadde Jesus vandra i Sykkylven i dag, hadde det kanskje vore det biletet han hadde nytta om seg sjølv. «Eg er den gode bedriftsleiaren». Med Jesus så viste Gud at det ikkje nyttar å leie flokken frå himmelhall. Flokken trengde nærleik. Dei trengde kjærleik i praksis, i levd liv. Difor vart Gud menneske i Jesus. Han kom for å feste med oss i gode tider, sørge med oss i vanskelege tider og vere nær oss i alt. Han ofra seg sjølv for oss, slik den gode gjetaren set livet sitt til for sauene. 

Kyrkja har nok vore ekspertar på uttrykk som «vi» og «dei». Anten så er du med eller så er du ikkje med. På Jesus sin tid var Israel «Guds bedrift» og Israelittene var «Guds folk», det var definitivt «vi mot dei». Men så seier Jesus;  «Eg har òg andre sauer, som ikkje høyrer til denne flokken. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal bli éin flokk og éin gjetar». Dei «andre» sauene Jesus snakkar om er oss. Jesus ynskjer ikkje at det skal vere noko skilje i Han. Han vil at alle som trur på Han skal vere eitt om det så er jøde, grekar, nordmann eller eritrear.
Det er ikkje tvil om at kyrkja i Sykkylven har lært seg ei lekse i desse koronatider. Bodskapen om Jesus er så livsforvandlande at den ikkje berre skal haldast for dei som kjem til kyrkje på søndagar. Guds flokk i Sykkylven er større enn det! Denne flokken er også den som ikkje finn det naturleg å rope så høgt om si tru eller som synest det er utfordrande til vanleg å møte opp i kyrkje eller bedehus. Hugs: I Kristus er det «vi»for det er berre ein flokk og ein gjetar. Då må vi som Jesu flokk også spegle den røynda. 


Salme 759 Fagert er landet

Forbøn
Kjære Gud! Takk for kvar ein flokk vi får høyre til: Familie, vener, arbeidsplass, bygd, klubb eller grannelag. Minn oss alltid på at flokken er større enn vi trur. Det kan vere nokon som vi ikkje veit om, som vi enno ikkje har lagt merke til. Også dei har rett til å høyre til i flokken. Om du kan gje hjarta vårt lys så vi kan sjå dei og ta dei med inn i fellesskapet.

Himmelske Far. Vi bed for heile din verdsvide flokk. Di skapning og di kyrkje. Lat Ordet ditt nå ut til alle folkeslag. Velsign misjonen og alle som vil byggje di verdsvide kyrkje. Minn oss om det at Guds flokk er større enn vi trur. Gje hjarta våre lys så vi kan ha omsut også for dei vi ikkje kan sjå og dei vi ikkje høyrer om i media. Lat oss be for alle våre søsken i trua.

Du er den gode gjetar. Gjev at dei som er sett til å tene deg og medmenneska i kyrkje og samfunn kan gjere det med deg som føredøme. Vi bed for bedriftsleiarane, politisk leiing i kommune og Storting, Kongen og Hans hus. Gje oss alle din tenande vilje. 

Vi bed i Jesu Kristi namn. Amen.

Herrens bøn
Vår Far i himmelen!
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt og makta og æra i all æve.
Amen.

Salme 194 Jesus lever, gravi brast!

Velsigninga

Herren velsigne deg og vare deg. Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig. Herren lyfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred. 

 

PDF-VERSJON

 

Tilbake