Alle rettigheter 2020 Sykkylven kyrkjelege fellesråd

Drive-in gudsteneste


Bli med oss på gudsteneste søndag 26.april kl.11:00!

 
 


Korleis får vi til ei Drive-in gudsteneste?
- Du må ha FM-radio i bilen. Du stillerden inn på 94,8 Mhz då skal du få inn det som kjem frå scena.
- Dersom du har DAB i bilen kan du framleis få inn Fm-radio dersom du har Fm- antenne til denne. Kan også vere råd å nytte smarttelefon med fm-radio eller ein reiseradio som går på batteri.
- Songark og liturgi ligg lengre ned i artikkelen. Du kan skrive ut på førehand og ta med eller lese det på smarttelefonen din. Ta gjerne med ei salmebok om du har.
- Det er Kjell Stave og Arild Kvenseth som fiksar for lyd ut i bilane.
- Rose Iren Stave, Katrine Numme og Kent Tandstad som sørger for musikk.
- Erlend Lunde er liturg og talar. 
- Du må sjølv sørge for at det er grei stemning i bilen.
- Takk til kulturetaten for god hjelp og alle dei frivillige som stiller som parkeringsvakter under leiing av Runar Bårnes.

Kva gjer eg om eg ikkje kan vere tilstades?
Gudstenesta vert sendt direkte på Sykkylven kyrkje si facebookside. 

Køyrereglar for Drive-in gudsteneste i Sykkylven:​
- Ikkje kom gåande
- berre i bil.
- Kom i god tid – Gjerne 20-10 min før. Det tek litt tid å parkere bilen og stille inn radioen.
- Ta berre med personar frå eigen husstand. Det er ikkje lov til å ta med seg, eller sitja på med, nokon ein ikkje bur saman med.
- Du kan ikkje vera med om du er i karantene eller isolasjon, eller om du har symptom på luftveisinfeksjon.
- Alle blir verande i bilane under heile gudstenesta. Om noko oppstår, eller ein ikkje ynskjer å sitja i bilen lenger, må ein køyra ut frå området.
Det er ikkje lov til å opna vindaugo eller dører for å prata med kvarandre.
Når gudstenesta er ferdig, reiser ein rett heimatt.
- Det vil vera parkeringsvaktar til stades for å passa på at reglane vert følgde.

For borna er det søndagsskule frå Ikornnes kyrkje på youtube, og du finn den her 

--------------------

Liturgi Drive-in gudsteneste:

Syndsvedkjenninga
Gud, ver meg nådig! Eg har synda mot deg og svikta min neste– med tankar og ord,med det eg har gjort, og med det eg har forsømt.
Tilgjev meg mi synd for Jesu Kristi skuld.Skap i meg eit reint hjarte,og gjev meg kraft til nytt liv ved din heilage Ande.

Kyrie
Kyrie eleison. Gud Fader, miskunna deg.
Kriste eleison. Herre Krist, miskunna deg.
Kyrie eleison. Heilag Ande, miskunna deg.

Gloria

Prest Ære vere Gud i det høgste

Kyrkjelyd og fred på jorda blant menneske (som) Gud har glede i.
Vi lovar deg, vi prisar deg, vi tilbed deg,
vi opphøgjer deg. Amen.

Truvedkjenninga
Alle  
Eg trur på Gud Fader, den allmektige,
som skapte himmel og jord.

Eg trur på Jesus Kristus,
Guds einborne Son, vår Herre,
som vart avla ved Den heilage ande,
fødd av Maria møy,
pint under Pontius Pilatus,
vart krossfest, døydde og vart gravlagd,
fór ned til dødsriket,
stod opp frå dei døde tredje dagen,
fór opp til himmelen,
sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader,
skal koma att derifrå
og døma levande og døde.

Eg trur på Den heilage ande,
ei heilag, allmenn kyrkje,
eit samfunn av dei heilage,
forlating for syndene,
oppstoda av lekamen
og evig liv.
Amen.

Herrens bøn
Alle 
Vår Far i himmelen.
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld,
slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt
og makta og æra i all æve.
Amen.

Lovprising
Prest  syng Lat oss prisa Herren.
Kyrkjelyd  Gud vere lova. Halleluja. Halleluja. Halleluja.

Velsigninga

Kyrkjelyd  Amen. Amen. Amen.

--------------------

Salmar Drive-in gudsteneste:

Salme 801 T  1931 Eleanor Farjeon
O  omkr 1980 Eyvind Skeie, 1976 Anders Frostenson
M  Gælisk folketone (Isle of Mull)

1 Nå er det morgen,
tåkene letter.
Fuglesang vekker
livet på jord.
Takk, Gud, for sangen,
dagen og lyset,
sannhetens kilde,
som er ditt ord.

2 Skapelsens morgen,
solen og vinden
stryker din nåde
mykt mot mitt kinn.
Takk, Gud, for marken,
skogen og gresset.
Nyfødt er jorden,
dagen er min.

3 Jesus, du oppstod
ren og forklaret,
langs våre stier
har du din vei.
Vakker er jorden,
mektig er håpet:
Alt skal fornyes
herlig i deg.

T © The Miss E Farjeon Will Trust O © Copyright AF-stiftelsen Psalm och sång, Stockholm. (Sv) O © Eyvind Skeie (B) S © John Becker

Salme 844 T  1875 Elias Blix
M  1865 Ludvig M. Lindeman

1 No livnar det i lundar,
no lauvast det i li,
den heile skapning stundar
no fram til sumars tid.

2 Det er vel fagre stunder
når våren kjem her nord
og atter som eit under
nytt liv av daude gror.

11 Du vår med ljose dagar,
med lengting, liv og song,
du spår at Gud oss lagar
ein betre vår ein gong,

12 då me med vigsla tunge,
med kjærleik heil og klår,
alt utan brest og sprunge
skal lova Herren vår!

Salme 197 1885 Edmond L. Budry
O  1947 Arne Fjelberg
M  1746 G.Fr. Händel

1 Deg være ære,
Herre over dødens makt!
Evig skal døden være
Kristus underlagt.
Lyset fyller haven,
se, en engel kom,
åpnet den stengte graven,
Jesu grav er tom!

Omkved
Deg være ære,
Herre over dødens makt!
Evig skal døden være
Kristus underlagt.

2 Se, Herren lever!
Salig morgenstund!
Mørkets makter bever.
Trygg er troens grunn.
Jubelropet runger:
Frelseren er her!
Pris ham, alle tunger,
Kristus Herre er!

Omkved

3 Frykt ikke mere!
Evig er han med.
Troens øye ser det:
Han gir liv og fred.
Kristi navn er ære,
seier er hans vei,
evig skal han regjere,
aldri frykter jeg.

Omkved

O © Norsk Musikforlag A/S


 

Tilbake