Gudstenester 17. mai


17. mai har vi eit variert tilbod av gudstenester.

 

Du kan køyre til kulturhuset kl. 12 og delta på "drive-in" gudsteneste, eller du kan sjå den her på nett eller du kan lese ei eiga gudsteneste i Sykkylvsbladet.

Om du vel å komme køyrande så er det nokre ting å tenke på.

- Lyden vert sendt via FM-radio på 94,8 Mhz.
- Ta gjerne med flagg og salmebok.
- Vi bør ikkje komme gåande, men i bil.
- Kom i god tid – Gjerne 20-10 min før. Då har du tid til å parkere bilen og stille inn radioen på  94,8 Mhz.
- Ein bør berre vere personar frå eigen husstand. Det er ikkje anbefalt til å ta med seg, eller sitja på med, nokon ein ikkje bur saman med.
- Du bør ikkje vera med om du er i karantene eller isolasjon, eller om du har symptom på luftveisinfeksjon.
- Alle bør bli verande i bilane under heile gudstenesta. Om noko oppstår, eller ein ikkje ynskjer å sitja i bilen lenger, kan ein køyra ut frå området.

 

Om du heller ønsker å vere heime så kan du følge direktesendinga so vert sendt via Facebook eller du kan følge opplegget for gudsteneste i heimen som kjem i lokalavisa. 

Plan for 17. mai 2020

Velkommen

Salme 759 Fagert er landet

(Tekst: A. Hovden, 1907 Melodi: M.Vulpius, 1609)

Fagert er landet du oss gav,

Herre, vår Gud og vår Fader!

Fagert det stig av blåe hav,

soli ho sprett og ho glader,

signar vårt land i nord og sud;

såleis di åsyn lyser, Gud,

over vårt Noreg i nåde.

 

Signa då, Gud, vårt folk og land,

signa vårt strev og vår møde,

signa kvar ærleg arbeidshand,

signa vår åker med grøde!

Gud, utan deg den vesle urt

veiknar og visnar, bleiknar bort,

ver du oss ljoset og livet! 

Kyrie og Gloria

Kyrie eleison. Gud Fader, miskunna deg (over oss). Kriste eleison. Herre Krist, miskunna deg (over oss). Kyrie eleison. Heilag Ande, miskunna deg (over oss). 

Liturg  Ære vere Gud i det høgste
alle og fred på jorda blant menneske (som) Gud har glede i. Vi lovar deg, vi prisar deg, vi tilbed deg, vi opphøgjer deg. Amen. 

Tekstlesing Salme 91

1 Den som sit i skjul hos Den høgste og finn nattely i skuggen av Den veldige, 

2 han seier til HERREN: «Mi tilflukt og mi borg, min Gud som eg set mi lit til!» 

 

3 Han bergar deg frå fuglefangarens snare, frå pest som legg i øyde. 

4 Under hans venger kan du søkja ly, med fjørene dekkjer han deg. Hans truskap er skjold og vern. 

5 Du skal ikkje frykta for redsler i natta, for piler som flyg om dagen, 

6 for pest som fer fram i mørkret, for plage som herjar ved middagstid. 

7 Om tusen fell ved di side, ti tusen ved di høgre hand, blir du ikkje råka. 

8 Du skal berre følgja det med auga og sjå at dei skuldige får si løn. 

 

9 «Du, HERRE, er mi tilflukt.» Den høgste har du gjort til din bustad. 

10 Det skal ikkje henda deg noko vondt, inga plage skal koma nær ditt telt. 

11 For han skal gje englane sine påbod om å verna deg på alle dine vegar. 

12 Dei skal bera deg på hendene så du ikkje støyter foten mot nokon stein. 

13 Du skal trø på løve og slange og trampa på ungløve og orm. 

 

14 «Eg bergar han når han held seg til meg, eg vernar han, for han kjenner mitt namn. 

15 Når han kallar på meg, svarar eg, eg er med han i nauda, eg friar han ut og gjev han ære. 

16 Eg mettar han med eit langt liv og lèt han sjå mi frelse.» 

 

Salme 757 Gud signe vårt dyre fedreland

Tekst: E. Blix, 1890 Melodi: C.E.F. Weyse, 1826

 

1 Gud signe vårt dyre fedreland

og lat det som hagen bløma!

Lat lysa din fred frå fjell til strand

og vetter for vårsol røma!

Lat folket som brøder saman bu,

som kristne det kan seg søma! 

 

6 Vil Gud ikkje vera bygningsmann,

me fåfengt på huset byggja.

 

Vil Gud ikkje verja bygd og land,

kan vaktmann oss ikkje tryggja.

Så vakta oss, Gud, så me kan bu

i heimen med fred og hyggja! 

 

7 No er det i Noreg atter dag

med vårsol og song i skogen.

Om sædet enn gror på ymist lag,

det brydder då etter plogen.

Så signe då Gud det gode såd,

til groren ein gong er mogen!

 

Truvedkjenninga

Eg trur på Gud Fader, den allmektige,

som skapte himmelen og jorda.

 

Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne son, vår Herre,

som vart avla ved Den heilage ande,

fødd av Maria møy,

pint under Pontius Pilatus,

vart krossfest, døydde og vart gravlagt,

fór ned til dødsriket,

stod opp frå dei døde tredje dagen,

fór opp til himmelen,

sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader,

skal koma att derifrå og døma levande og døde.

 

Eg trur på Den heilage ande,

ei heilag, allmenn kyrkje,

eit samfunn av dei heilage,

forlating for syndene,

oppstoda av lekamen

og evig liv.

Amen.

 

Forbøn

Herrens bøn

Vår Far i himmelen!

Lat namnet ditt helgast.

Lat riket ditt koma.

Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.

Gjev oss i dag vårt daglege brød,

og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.

Og lat oss ikkje koma i freisting,

men frels oss frå det vonde.

For riket er ditt og makta og æra i all æve.

Amen.

 

Gi gåve til speidarane i Sykkylven Vippsnummer: 130824

 

Heimbygda - Eg veit ei bygd der inne

1 Eg veit ei bygd der inne

imellom fjell og fjord,

ho gøymer tusen minne,

dei kjæraste på jord,

så mang ei bygd og mang ei grend

var vakker nok og vide kjend,

men ei imellom hine

i minneglansen skine. 

 

2 Eg sit i stille stunder 

og blundar augo att, 

då stig ho som eit under 

or dis og draumenatt, 

ho lyser skir og strålerein 

frå fjell og ned til fjørestein, 

og for mitt indre auga 

i vår og varme lauga. 

 

4 Me vamar og me vimar i verdsens ville sveim,

men i dei stille timar sviv tankefuglar heim

til bygda millom fjell og fjord,

den kjæraste me veit på jord,

til dalane der inne 

med glans av fagre minne.

 

(kl 13. Skal synger vi ja vi elsker)

Salme 755 - Ja, vi elsker dette landet 

(reis deg gjerne opp å syng, songen blir sungen av nasjonen kl. 13)

 

Ja, vi elsker dette landet,

som det stiger frem,

furet, værbitt over vannet,

med de tusen hjem,

elsker, elsker det og tenker

på vår far og mor

/:og den saganatt som senker

drømmer på vår jord.:/

 

Norske mann i hus og hytte,

takk din store Gud!

Landet ville han beskytte,

skjønt det mørkt så ut.

Alt hva fedrene har kjempet,

mødrene har grett,

/:har den Herre stille lempet,

så vi vant vår rett.:/

 

Ja, vi elsker dette landet,

som det stiger frem,

furet, værbitt over vannet,

med de tusen hjem.

Og som fedres kamp har hevet

det av nød og seir,

/:også vi, når det blir krevet,

for dets fred slår leir.:/

 

Tilbake