Ny dato for konfirmasjon 2020


 

Kjære konfirmantar og konfirmantforeldre/føresette
 
No i mai skulle vi ha feira konfirmasjon, men pga. korona måtte dessverre alle konfirmasjonane utsetjast.
 
Mange skal gjennomføre konfirmasjonar i haust, og vi har prøvd å unngå kollisjonar. Vi har no sett dato for gjennomføring av våre konfirmasjonsgudstenester til hausten:
Laurdag 17. oktober 2020
Søndag 18. oktober 2020
Laurdag 24. oktober 2020
Søndag 25. oktober 2020
 
Det vert inga ny påmelding. Gjennomføringa skjer i same rekkefølge som det skulle ha vore no i mai. Dei som skulle hatt konfirmasjon den første laurdagen (2. mai) skal konfirmerast den første laurdagen (17. oktober) osv. 

Om den datoen du har fått kolliderer med noko anna, så kan det vere mogleg å bytte. Korleis konfirmasjonane vert gjennomført kan vi ikkje seie noko om enda, men vi vil oppdatere dykk når vi veit meir. Vi håper at vi kan halde på desse datoane, og at vi kan gjennomføre konfirmasjonane i oktober. 

Om de har spørsmål kan de ta kontakt med ungdomsarbeidar eller ein av prestane. Vi ønsker helst at de tek kontakt på e-post. Evt. kan de ringe kyrkjekontoret måndag – fredag kl. 10.00 – 14.00. 
Takk for at de har vore så tolmodige. Vi gler oss til å feire konfirmasjon i lag med dykk i haust!
 

Tilbake