Laurdag 6. juni blir det bilrebus!
Kyrkjene på Ikornnes og i Sykkylven brukar kvart år å gi biblar til 5. klassingar i bygda, og då blir dei invitert til kyrkje for å få sin eigen bibel. Denne våren blei annleis, og derfor har vi planlagt ein bilrebus. Tiltaket er for alle som er 5. klassingar i Sykkylven, og ein treng ikkje vere medlem i kyrkja for å bli med. Sjå videoen som forklarer opplegget HER!
Vi presiserer at ikkje alle treng å kome til kl. 11.00, og håper på ei natruleg fordeling utover dagen. Ta turen når det passar dykkar familie! Les meir info nedanfor bildet:

Forklaring på kva som skjer på bilrebus for 5. klassingar, laurdag 6. juni:
- 5. klassingane møter ein gong mellom kl. 11.00-16.00 og får med seg ein pose med svarark. 5 postar er plassert rundt i bygda.
- Dei kjem i bil ilag med familien, eller ein sjåfør dei kjenner til hovudinngangen i Sykkylven kyrkje (oppe). Søsken kan også vere med og får ein enkel premie til slutt.
- Ruta er ca 11 km, så om det er nokon som vil sykle så er det sjølvsagt mogleg.
- Ta med: Bibel eller mobil med mobilnett- som hjelp for å svare på spørsmåla. Ta gjerne med noko drikke eller litt snacks på turen.
- Slutt er same plass som start, oppe ved hovudinngangen til Sykkylven kyrkje. Der leverer dei inn svararket, og 5. klassingane får då utdelt sin eigen bibel og ei lita forfriskning.
- Alle 5. klassingar som leverer ferdig utfylt svarark blir med i trekninga av ei hengekøye frå Ticket to the moon.
Så altså, då er det berre å møte opp på passande tidspunkt mellom kl. 11.00 og fram til 16.00. Vi presiserer at ikkje alle treng å kome til kl. 11.00 men håper på ei natruleg fordeling utover dagen. Ta turen når det passar dykkar familie! Velkomne til bilrebus!