Velkomen, kjære konfirmantar og føresette
Konfirmasjonen er ei oppfølging av dåpen. Konfirmasjonstida vil gi opplæring i kva det vil seie å vere, og leve som ein kristen.
I løpet av året blir det leir, undervisning på ulike måtar, du skal delta på gudstenester, hjelpe til i kyrkjelydsarbeidet, delta i bibelstudiegruppe m.m. Leir og undervisning er obligatorisk. Vi har også eit opplegg for dei som likar å vere i aktivitet. KRIK, som er kristne idrett- og aktivitetssamlingar på laurdagar.
Viktige datoar:
- Påmelding onsdag 26,juni kl. 18.00, frist 8. september, kl. 23.00
- Informasjonsmøte 28. august, kl. 18.00
- Presentasjonsgudsteneste Ikornnes kyrkje, 20. okt. kl. 11.00
- Presentasjonsgudsteneste Sykkylven kyrkje, 27 okt. kl. 11.00
- Påmelding leirar 29. aug.-3. sept.
- Konfirmantleir 20. – 22. sept.
- Konfirmantleir 27. sept. – 29.sept.
- Konfirmantleir 4. okt. - 6. okt.
I tillegg vert det undervisning i kyrkja, bibelstudiegruppe, kappeprøving, fotografering og øving til konfirmasjonen. Deltaking i kyrkjemesse og fasteaksjon m.m. Vi vonar også å få til anna ungdomsarbeid som konfirmantane er velkomne til å vere med på. Informasjon om desse og andre aktivitetar vert gitt fortløpande når det er aktuelt.
Informasjon vil primært bli gitt via kyrkja sin heimeside. Varsling om ny informasjon blir gitt via sms både til konfirmant og føresette. Derfor viktig med registrering av kontaktinformasjon til begge.
Konfirmasjonsdatoar og påmelding
Sykkylven kyrkje Ikornnes kyrkje
Laurdag 3. mai kl. 11.00 Laurdag 3. mai kl. 13.15
Søndag 4. mai kl. 11.00 Laurdag 10. mai kl. 13.15
Laurdag 10. mai kl. 11.00 Søndag 11. mai kl. 11.00
Påmelding
Påmelding skjer via heimesida vår under fana «Påmeldingar» ligg det eitt elektronisk skjema. Fyll ut! Last gjerne opp eitt bilde av konfirmanten, det gjer det lettare for oss å verte kjent.
Alle personlege opplysningar er underlagt teieplikt, som t.d. medisinbruk, lese- og skrivevanskar, familieforhold eller andre forhold vi bør kjenne til. Vi ønsker at konfirmanttida skal vere best mogleg for den enkelte. Så sei frå om det er noko som du ønsker/treng at vi tek omsyn til?
Det er begrensa tal konfirmantar ved gudstenestene, Sykkylven 22 stk og Ikornnes 8. stk. Dette for at alle skal få sitte, sjå og høyre godt. Når ei gudsteneste er fullteikna, vil ikkje den lenger være synleg på påmeldingssida til kyrkja.
Ved spørsmål eller problem med påmelding ber vi om at de ringer kyrkjekontoret på tlf. 7024 6900, måndag - fredag kl. 10.00 - 14.00.
Pris for konfirmantopplegget er kr 1925,- (det er dessverre oppgitt feil i invitasjon sendt medlemmar). Faktura vert tilsendt etter påmelding. Dette er blant anna med på å dekke utgifter til leir, mat, undervisningsmateriell, fotograf og vask av kapper. Vi ønsker ikkje at nokon skal la vere å konfirmere seg grunna vanskar med økonomien. Viss dette er eit problem, så ta kontakt med oss slik at vi saman kan finne ei løysing.
Sjølv om konfirmasjonen er ei oppfølging av dåpen, så er også den som ikkje er døypt velkommen til å vere med. Så kjenner du nokon som vurderer å konfirmere seg, men ikkje har fått brev frå oss. Be dei ta kontakt med kyrkjekontoret.
Den som ønsker å fullføre konfirmasjonen må vere døypt, men du treng ikkje ta stilling til evt. dåp før mot slutten av konfirmantåret.
Vi gleder oss til å bli kjende med dykk, og vonar at de vert kjende med kvarandre, Jesus og dykk sjølve på nye måtar?
Vennleg helsing Jonas og Kathrin
Oppdatert 12.06.24