Kjekt med bilrebus!


Fornøgde deltakarar på bilrebus! 

 

I alt 27 5. klassingar i tillegg til sjåførar og nokre andre familiemedlemmar var med på bilrebus i helga. Ikornnes og Sykkylven kyrkje brukar kvart år å gi Biblar til 5. klassingar som eit trusopplæringtiltak, men denne våren vart annleis pga korona-smitte, og vi ville derfor arrangere utdelinga på ein annan måte. Så til bilrebusen vart det plassert fem postar rundt omkring i bygda, der dei fekk bryne seg på spørsmål frå Bibelhistoria.

Dei 5. klassingane som ikkje kunne vere med denne dagen, kan komme innom kyrkjekontoret og få ein bibel. Det er ope mellom 10.00 og 14.00 på kvardagar. 

Her er Marit ved startposten ilag med fire deltakarar. Her kom alle innom for å få ein pose med det som trengtes og ei lita gjennomkjøring på kva dei skulle gjere, og etterpå henta dei premien sin her. Etter ein gjennomgang med retting ser vi at faktisk alle svarte heilt riktig på alle dei fem spørsmåla - bra jobba 5. klassingar!!! Tilbakemeldinga vi fekk var at det skulle ha vore fleire postar, og det viser at dei kosa seg med oppgåvene.

5.klassingane som var med på rebusen fekk alle sin eigen Bibel i premie, og dei blei i tillegg med på trekninga av ei hengekøye frå Ticket to the Moon. Lene vart den heldige vinnaren, og her ser de henne med hengekøya framfor seg, ilag med vennar:

For å finne fram til postane måtte ungane følgje nokre hint: 

Noah og storebroren Daniel hadde det kjekt på bilrebus:

Takk for ein kjekk dag, og god innsats frå alle som var med, både små og store!

 

Tilbake