Søndagsskulen si sommaravslutning


Sjå kor kjekt vi hadde det!

På søndagsskuleavslutninga var det nydeleg ver og fin stemning. Nesten 40 barn og vaksne var med på avslutninga til kyrkjene i Sykkylven sine søndagsskular. 

Her ser vi Grete som viser og fortel om skattane i Guds rike. 

Etter samlinga var det sporløp med sju postar rundt om kyrkja, og alle var med i grupper. Her er posten der dei måtte både springe og svare på spørsmål om Moses og dei ti bod. 

Gutane her var kjempeflinke, også til å kaste stein i bøtta. 

Kor mange karamellar var gøymt i boksen? Ikkje dårlig at ei jente klarte å tippe heilt rett antal, nemlig 143 stk. 


Denne våren har søndagsskulen samla inn 1926 kr til Stefanusbarna i Egypt! Stefanusbarna bor rundt eit søppelfjell, men får god hjelp av mamma Maggie og mange andre medarbeidarar, og vi veit dei vil bli glad for pengane vi sender. Her ser de sparegrisane er tømt.

Trykk på bildet for å sjå ein film om Simone fra Stefanusbarna som har fått nye sandalar:

Tusen takk for ei fin sommaravslutning! Vi er takknemlige for alle barn og gode mehjelparar på søndagsskulane i Ikornnes og Sykkylven kyrkje. På slutten fekk alle grille her utanfor kyrkja, og veret haldt seg heilt til slutt.


God sommar til alle, og vi håper å møtast igjen til hausten! 

 

Tilbake