Alle rettigheter 2020 Sykkylven kyrkjelege fellesråd

Dirigentopplæring for born og unge


I Sykkylven kyrkje.

 

 

Ung Kirkesang held dirigentkurs i Sykkylven kyrkje denne helga. Kurset er for born og ungdom frå 10-11 år og oppover, og det kjem tilreisande frå Kristiansand, Fredrikstad, Trøndelag, Nordmøre, Romsdal, og herifrå Sunnmøre. Hovedinstruktør er Tone Synnøve Steinkopf, som er domkantor i Molde. I fleire år har ho og Rose Iren Stave arrangert dirigentkurs vekselvis i Molde domkyrkje og i Sykkylven kyrkje to gongar i året. Deltakarane går gjennom eit undervisningsopplegg utarbeidd av organisasjonen Ung Kirkesang, delt inn i 4 nivå. Instruktørar denne helga blir i tillegg Gunn Sissel Bakken Håseth, Kristin Eidhammar Næss og Johanne Bjørkhaug.

Dei unge dirigentane øver fram mot gudstenesta i Sykkylven kyrkje søndag. Der deltek dei som kor og dirigentar under leiing av Tone Synnøve Steinkopf, og med Rose Iren Stave ved orgelet.

Tilbake