Jippikoret


Jippi-koret på Ikornnes

 

JIPPI og Ikornnes Jentekor

Jippi er barnekoret vårt i Ikornnes kyrkje for alle born frå 2.klasse og oppover.

Vi startar rett etter skuletid med yoghurt eller knekkebrød og gulrøter/frukt.

Kl.14.30 startar 4.-8.klasse med øvinga si oppe i baksalen i kyrkja. 2.-3.klasse har leik og øving nede i kyrkjekjellaren. Slutt kl.15.30.

Koret har hatt mange flotte opptredener: i gudstenester, konsertar på BUAS, julekonsert, julefest, NMS-messe, kyrkjemessa på Aure, kyrkjedagane på Ikornnes, m.m. Nokre av oss har delteke på fellesgudsteneste på idylliske Herdalssetra i Norddal, dei eldste, "Ikornnes Jentekor" har sunge i Giske kyrkje, i Vigra kyrkje, og på høgskulen i Volda.

Styret i koret er Ane og Marit Lunde, Anne Konstanse Solbjør og Eldrid Sætre, Anna Skotheim og Laila Grebstad, trusopplærar Anna Myklebust og kantor Rose Iren Stave.

Dirigentar er Rose Iren, Marit, Anna, Savi, Lene og Katrin.

Koret er medlem i organisasjonen Ung Kyrkjesong, og har ein medlemskontingent på
50 kr pr semester. For dei som ikkje går på SFO, slik at dei et på koret, er kontingenten 100 kr.
Vi øver kvar torsdag etter skulen, kl.14.30 - 15.30


Alle 2.-7.-klasse-born som likar å synge er hjarteleg velkomne!


 

Her song vi på BUAS den 28. mai 2017.

Tilbake