Det blir Onsdagsmiddag i haust!
I samråd med HMS-arbeidet i kyrkja har styret planlagt å starte oppatt etter stenginga i mars av hensyn til smittevern, og vi skal starte opp på ein trygg og sikker måte. Det blir Onsdagsmiddag følgjande datoar:
9. september, 14. oktober, 11. november og 9. desember.
Kan du tenkje deg å vere med som gjest, eller om du er ein av dei som gir ein innsats for fellesskapet, så les gjennom dei nye retningslinjene:
- Påmelding blir som før, innan tirsdag kl. 14.00, påmelding skriv du som kommentar på facebook- arrangementet "Onsdagsmiddag" eller ring til kyrkjekontoret 70246900.
- Forseinka påmelding eller fast påmelding vil ikkje gjelde.
- Ein smittevern-ansvarleg vil tilrettelegge for god handhygiene og vere tilgjengeleg for spørsmål.
- Prisen blir kr. 150 pr familie, og kr. 50 for vaksne og barn kr. 30.
- Betaling med Vipps, Vipps-nummeret er 126452
Unntaksvis med kontantar (utan veksling).
- Serveringa vil starte kl. 16.15, og er ope i ein time fram til kl.17.15.
- Alle har ansvar for å ikkje spreie smitte under middagen, og om du er sjuk så må du melde deg av.
- Servering vil foregå med eigne ansvarlege personar.
- Vi ønskjer at folk sit mest mulig i ro under måltidet, så ein frå kvart bord vil kome og forsyne sitt bord.
- Aktivitetsrommet vil vere avstengt, det er viktig at barn høyrer på beskjedar frå vaksne om kva som er lov.
- Gjestane kan ikkje gå inn på kjøkkenet.
Velkommen til eit trygt og godt middagsmåltid i Sykkylven kyrkje!
