Ein fin dag på fjellet


Sjå kva vi gjorde på Kick-off dagen på Orreneset Misjonssenter

 

Vi ville starte hausthalvåret i kyrkjene med ein sosial og aktiv dag på fjellet. Dette blei til Kick-off dagen, og det var 75 deltakarar i alle aldrar som blei med på Orreneset for å sparke igang haustsemeteret. Veret var fint og folk kosa seg. 

Her kjem videoen med nokre blinkskudd frå dagen. Trykk på bildet nedanfor om du vil sjå den. 

Her har vi samla nokre av bilda frå Kick-off dagen: 

Sporløp var alle med på i starten. På posten i gamma sat vi saman bønene i Vår Far.

Mange sprang fort for å gi laget ei god tid på stafetten.


Etter sporløpet hadde dei vaksne bibeltime i hovudhuset, medan ungdommane for ut på øya for å leike Capture the flag.

 


Borna leika historia om den barmhjertige samaritan.

 


Borna hadde maleverkstad. 


Dei mala også to flotte bilder som skulle hengast opp i kyrkjene våre."Eg er vintreet, de er greinene" er bibelverset, som passa godt til temaet for dagen: vennskap


Det var tid for oppfriskande bad.

Og vi avslutta dagen med felles samling ute.

 

Tilbake