Mange var med i gudstenesta den 1. mars 2015.
Det var om lag 140 mennesker i Ikornnes kyrkje søndagen etter Kyrkjedagane 2015. Erlend Lunde var prest og kunne innleie gudstenesta med å fortelje om svært vellukka Kyrkjedagar og at det etter gudstenesta blir STOR-kyrkjekaffi som følgje av Kyrkjedagane. Vidare ynskja han spesielt 11-åringane og Sykkylven Gospelkor velkomen. Søndag - ein annleis dag! Det var mange 11-åringar som møtte opp for å få kvar sin bibel av kyrkja. Dette er ei bok som det kan strekast i og brukast "hardt" - det er ikkje ei bok som berre skal stå til pynt, sa Erlend Lunde. Sykkylven Gospelkor song Celebrate som postludium. Dirigent, Einy Fauske - Pianist, Tor Einar Steinsvik - Solist, Grete Sporsheim Stor takk til Sykkylven Gospelkor for inspirerande og flott song! Etter gudstenesta var det STOR-kyrkjekaffi!