Mange møtte opp for å sjå og høyre bygdas dyktige songarar og musikarar.
"Dette er dei flottaste julekonsertane, og ein tradisjon som vi må ta vare på" var kommentaren frå ei av tilhøyrarane.
"Og mitt bidrag var i år å være ein av dei mange som fyllte kyrkjebenkane", avslutta ho med.
Den første konserten var kl. 16:00 i Ikornnes kyrkje.
Der fekk vi høyre Barnekoret Super, Kulturskuleelevar, KorKjekt, Sykkylven skulekorps, BlesSing og Straumshorn/Velledalen skulekorps.
Foto: Arild Sporsheim BlesSing og KorKjekt
Foto: Arild Sporsheim Barnekoret Super
-----------
Den andre konserten var i Sykkylven kyrkje kl. 19:00.
Der fekk vi høyre Sykkylven Gospelkor, Velledalskoret, Sykkylven Blandakor, Credo Brass/Vokal, Hundeidvik Blandakor og Sykkylven Janitsjarorkester.
Foto: Rose Iren Stave Velledalskoret
Foto: Rose Iren Stave Hundeidvik BlandakorFoto: Arild Sporsheim Credo Brass
Foto: Arild Sporsheim Sykkylven JanitsjarorkesterTakk til alle som deltok med ulikt slag!
Og takk til alle som kom for å ta del som tilhøyrar i desse julekonsertane!
Takk også for gåvene som vart gitt til musikkarbeidet i kyrkjene!
Framleis god adventstid!