Gravplassen i Sykkylven - Sykkylven kyrkjegard


Sykkylven kommune har 1 gravplass, Sykkylven kyrkjegard. Den ligg rett ved sida av Sykkylven kyrkje og Sykkylven kyrkjekontor.

KART OVER SYKKYLVEN KYRKJEGARD

Sykkylven kyrkjelege fellesråd er den lokale gravplassmyndigheita i Sykkylven kommune og har ansvaret for anlegg, drift og forvaltning av gravplassen. Dagleg leiar/kyrkjeverje er ansvarleg for den daglege drifta av gravplassen. Gravferdsansvaret omfatter alle innbyggjarane i Sykkylven kommune, uavhengig av tru- og livssyn. Avdøde personar som ved dødsfallet hadde bopel i kommunen har rett til fri grav på Sykkylven kyrkjegard. Dersom det gis løyve til gravlegging av avdøde personar med bopel utanfor kommunen blir det krevd dekking av kostnadane (Prisliste) ved gravferda og avgift som ved feste av grav (jf. Gravplassloven §6). Utgifter til anlegg, drift og forvaltning av gravplasser utredes av kommunen etter budsjettforslag fra fellesrådet (jf. Gravplassloven §3)

Gravplassforvaltninga er regulert av eit tredelt regelverk: Trykk her
 

Ved spørsmål er det berre å ta kontakt med Sykkylven kyrkjekontor.


----

Driv du med slektsgransking eller er på leit etter ein gravstad?
Sykkylven kyrkjelege fellesråd har i samarbeid med Slekt og Data (tidlegare kalla for DIS-Norge) gjort gravene på Sykkylven kyrkjegard søkbare på internett. «Slekt og Data er Norges største frivillige organisasjon for alle som er interessert i slekts- og personhistorie. Vi ble stiftet i 1990 og har i dag over ti tusen medlemmer over hele landet.», kan vi lese på heimesida deira. 

1. Gå inn på heimesida til Slekt og Data: www.slektogdata.no 
2. Trykk på fana; Snarvei til våre tjenester
3. Trykk på; Søk i Gravminnedatabasen. Der vel du Møre og Romsdal, Sykkylven.

----


Foto: Hallvard Sandvik


Foto: Hallvard Sandvik

 

Tilbake