Søndagsskulen


Søndagsskulen i Ikornnes og Sykkylven kyrkje
Nytt: Drop-in søndagsskule!

 

Hei!

Det er søndagsskule kvar søndag kl.11:00 i Sykkylven kyrkje. I Ikornnes kyrkje er det søndagsskule annakvar søndag, altså kvar gong det er gudsteneste.  
Alle møter oppe i kyrkja, så borna startar i lag med dei vaksne.
Etterpå går borna til eige opplegg: 

SYKKYLVEN KYRKJE:

2 år - 2. klasse: Jungelgjengen nede i kyrkjestova. På Jungelgjengen får du høre spennande bibelhistorier formidla på ulike måtar. Det er ein kreativ aktivitet eller leik til slutt, og borna lagar mykje fint!

3. klasse og oppover: Maxigjengen i aktivitetsrommet nede. Her får du høre spennande bibelhistorier og du får sjølv vere aktivt med i både lesing og samtale.

IKORNNES KYRKJE:

2 år - 7.klasse: I kyrkjekjellaren. Her får du høre spennande bibelhistorier formidla på ulike måtar. Det er ein kreativ aktivitet eller leik til slutt, og borna lagar mykje fint!

----------------------------------------------

Drop-in søndagsskule (begge kyrkjene): Har barnet ditt lyst til å gå på søndagsskulen, men du har ikkje moglegheit til å følge? Vi har drop-in søndagsskule i begge kyrkjene når det er gudsteneste. Du kan levere barnet til søndagsskuleleiaren og fylle ut kontaktskjema før gudstenesta. I Sykkylven kyrkje kan du levere oppe i gangen, medan i Ikornnes kyrkje leverer du i kyrkjekjellaren. Barnet må klare å vere åleine utan foreldre. Store og små er velkomne!

Kontaktperson søndagsskulen, Sykkylven: Leiar, Grete Sporsheim 95 87 46 47 eller trusopplærar, Anna Myklebust 41 00 90 87
Kontaktperson søndagsskulen, Ikornnes: Leiar, Marit Eide Lunde 99 46 56 85 eller trusopplærar, Anna Myklebust 41 00 90 87

Velkomen til store og små!

Tilbake