Alle rettigheter 2019 Sykkylven kyrkjelege fellesråd

Juleavslutning for babysang


Sjå kor flotte barn som fekk vere med å sjå at adventslysa vart tent sist måndag! 

 

Vi hadde juleavslutning med babysang i Sykkylven kyrkje på måndag, og såpeboblene vi vanlegvis brukar vart spennande pynt rundt adventslysa. Babyar og foreldre har møttest mange gongar i løpet av hausten, både i kyrkjekjellaren og på BUAS. Kvar mandag har vi ein halvtimes sangstund, og ungane ser ut til å kose seg veldig. Tenk så flott, borna undrar seg i møte med jula og alt den bringer med seg av pakkar og fest. Og midt i dette får dei også høyre og lære dei flotte julesongane som vi har! 

Julehelsing frå trusopplæraren

Eg er veldig takknemlig for det gode eg får når eg møter barn i kyrkjene i Sykkylven. Særlig når jula nærmar seg, og vi får vi leite fram gamle julesongar, og får øvd igjen på korleis dei var. Borna med sine flotte stemmer har eg fått høre når dei har sunge julesongar; på babysang, i barnekor og på skulegudstenester. Eg trur barnesang er den vakraste julepynten som fins! Takk for den flotte sangen! 

På bildet har vi tent tre adventslys. og teksten på det tredje verset minner om at vi møter ein konge der i stallen:

No tenner vi det tredje lys
Det er eit heilagt tall
Vi ventar på at kongen vår
Skal fødast i ein stall. 

Ei oppfordring frå meg til familiar og alle i Sykkylven er å tenke over desse spørsmåla: Har vi plass til denne kongen i julefeiringa vår? Er det plass til barnet i krubba, i vår stue? Har vi hørt og tatt imot bodskapen som kom direkte frå Gud, midt i den svartaste natta: Det er ei stor glede: det er født eit barn som er frelsar, Messias, Herren. Så enkel er bodskapen, at eg trur borna kan lære oss vaksne å forstå det bedre. Uansett, så kan vi joine med den himmelske hærskaren på julaftan: 

"Ære vere Gud i det høgste
og fred på jorda
blant menneske Gud har glede i" (Lukas 2.14)

Velsigna jul!

Helsing Anna Myklebust

Tilbake