Har du sett? Ungdomskoret BlesSing har fått nye korgenserar!
Jentene i BlesSing har lenge hatt eit ønskje om å ha eigen korgenser, og like før jul blei design klart og genserane vart bestilt. Det er lett å sjå kor glade og fornøgde dei er. Jentene gleder seg til å bruke genserane når dei opptrer ulike plassar!