Ein utfordring til deg, bli fast giver!


 

UTFORDRING TIL DEG!

Som medlem av Ikornnes og Sykkylven kyrkje får du ei utfordring til handling.
Kyrkjelydane våre driv omfattande arbeid for barn, unge, vaksne og eldre. I bygda her vi bor, og vidare utover i verda. Dette forebyggande, praktiske, omsorgs og evangeliserande arbeidet er avhengig av mange frivillige, mange tilsette og pengar til å drive det. Difor har vi kollekter og messer. Pengane vi får inn gjennom dette kjem svært mange til gode, i form av ulike møter mellom mennesker gjennom ei aktiv veke.

Utanom det vi får i støtte gjennom staten, har vi valgt å tilsette  ungdomsarbeidar, trusopplærar og diakon. For å få full presteteneste, har vi også sagt at vi kan vere med å finansiere nokre prosent av prestetenesta.

Offer og gåver kan variere svært. Gjennom ordninga «FAST GIVARTENESTE» kan mottakar vite kva ein har å bruke, og givar slepp å stadig vurdere eller huske på å dele. Det går av seg sjølv frå månad til månad, og ein «gløymer» nesten av dei pengane som ein deler med andre. I tillegg får ein fråtrekk på skatten, (23% 2019) for det ein gir over kr 500 til same organisasjon. Det ein tener kan ein igjen gi vidare. Vinn vinn for alle! 

I tillegg til det lokale arbeidet, har kyrkjelydane på Ikornnes og Sykkylven avtalar om å støtte Kirkens Bymisjon i Møre, og arbeid i Midtausten og Thailand, sidan vi er ein del av den verdsvide kyrkja.

KVIFOR VERE FAST GIVAR?                                                                                                                               Giverteneste er som ordet seier ei teneste.  (Les meir om dette under)
1.    Det er nokon som treng gåva di for å fungere.
2.    Regelmessig giverteneste forandrar oss sjølve. Det er den mest effektive måten å sleppe å vere grådig og sjølvoppteken. Det gir velsigning å sjå at det ein bidreg med, kjem andre til hjelp, skaper fellesskap og meining for ein sjølv og andre.

PENGEMAS?
Å snakke om forvalting og pengar er lite behageleg og upopulært å ta opp. Kulturen vår er at vi skal vere diskre når det gjeld å snakke om pengar. Lommeboka ligg liksom på sida av tema vi forkynner. I møte med Jesus er det ofte den som sist vert «omvendt», har det blitt sagt.
Pengane våre, - kombinert med Gud sine løfter, - betyr himmelske muligheiter.

HAR VI RÅD?
Fattige nasjonale kristne rundt om i verda gir. På td Madagaskar er det mange offringar på kvar gudstjeneste, trass den enorme fattigdomen.
I dei fattige indre bydelane av Birmingham vert det gitt nøyaktig dobbelt so mykje til det kyrkjelege arbeid som i dei velståande forstadane. Det kan sjå ut som om giverglede er omvendt proporsjonalt med inntekt og velstandsnivå. Aukande velstand er ikkje alltid positiv faktor for givarglede.

BIBELEN OPPFORDRAR
I 1. Mos 1. les vi at Gud gir menneska i oppdrag å forvalte alt det jorda rommer av goder.
Men sjølv om det er overlatt til oss, har ikkje Gud sagt frå seg eigedomsretten. Alt tilhøyrer Han.
"Jorda og det som fyller henne høyrer Herren til, verda og dei som bur der er Hans." Salme 24.1

Alt vi har av materielle goder, tilhøyrer Gud ; fast eigedom, gjenstandar og pengar.
Vi har fått det for å forvalte det til beste for oss sjølve og andre.

I gamle testamentet finn vi ordninga med tiende. Ein tiendedel av en husstand si inntekt var ikkje meint til eige bruk. Den skulle gis vidare. Tiende var ikkje frivillig gåve, men fastsett i lova.
Tiendesystemet sikra underhaldet av levittane, dei som hadde ansvaret for tempeltenesta.
Det skulle ikkje vere opp til kvar enkelt israelitt å vurdere kom mykje prestar og andre i heiltidsteneste skulle ha av inntekt. Ein fast prosent sikra dei tilsvarande levevilkår som andre.

Utanom dei som hadde presteteneste, vart også dei svake tilgodesett i Moselova. Enker, farlause og innflyttarar var grupper som lova tok hensyn til og hegna om. Nestekjærlighet og solidaritet var blant berebjelkane i det israelittiske samfunnet.
Når omsorgen for dei svake vart sett til side til fordel for eiga lykke, tordna profetane
mot det. Det viser oss kor stor vekt Gud legg på omsorgen for svake, og for rettferd i samfunnet.

Vi skal ikkje leve etter gammaltestamentleg lov, eller pressast inn i tvangsaktige former. Men det er heller ikkje heilt opp til lyst og interesse om ein skal gi - mykje eller lite, systematisk eller impulsivt. Det er ikkje snakk om 10 % men 100% «alt høyrer Herren til». Spørsmålet er ikkje kor mykje av pengane våre vi gir til Gud, men «kor mykje av pengane våre beheld vi sjølve?.

" Kom med heile tienda til forrådskammeret, så det finns mat i mitt hus. 
Prøv meg på denne måten, seier Herren over herskarane.
Eg skal sanneleg opna himmelens sluser og ausa ut over dykk velsigning utan mål." Malaki 3.10

Jesus har også mykje å seie om pengar. Kva vi gjer med dei og kva dei gjer med oss.
Vi tenker at tiende f.eks høyrer det gamle testamentet til. Jesus sa ikkje at han var komen for å oppheve lova, - men oppfyllen den. (Matt 5.17- 20) Ordet GI ropar endå sterkare i det nye testamentet enn i det gamle. Jesus oppfordrar oss til å gi så det monnar.
"Gi, så skal de få: eit godt mål, stappa, rista og overfylt skal de få i fanget. 
For med det målet de sjølve måler med, skal det målast opp til dykk.» Luk 6.38

Sakkeus vart ikkje frelst fordi han gav vekk pengane sine. Han vart frelst fordi han tok imot Jesus, men frelsa gjorde han til ein givar og til ein som ville gjere rettferd.
Vi får tilgjeving og rettferd gratis. Samtidig er vi bedt om å leve eit liv som gjenspeglar Jesus sine kvalitetar og vitnar om den rettferda i praksis. Jesus legg lista høgt.
"Du skal elske Herren din Gud av heile ditt hjarte......og nesten din som deg sjølv." Matt.22.37-39

Det er kun med hjelp av Jesus og ved Den Heilage Ande vi kan elske slik. Skulle vi oversette til dagens språk, - så vert det kanskje slik ;
"Du skal elske Herren din Gud med all din kjøpekraft
og av all din økonomiske forstand,
og bruke pengane dine med like mykje omtanke på din neste som på deg sjølv."

Rett etter at Jesus snakkar om forvalting av talentane, seier Han : 
"Alt de gjorde mot eitt av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg!" (Matt. 25.40)

Det omsorgsarbeid han skildrar, og sjølv gjer seg som mottakar for, må nødvendigvis ha med pengar å gjere.

"Alltid har eg vist dykk at vi må arbeida slik, så vi kan ta oss av dei veike.
Lat oss minnast Herren Jesu ord: Det er sælare å gi enn å få !"  Apgj 20.35

Det å gi og å glede andre gjer godt. Å gi skaper kjensle av noko grensesprengande, som peikar utover ein sjølve.

Takk for at du er med å dele av tida, talenta og pengane dine!
 

TRYKK HER FOR Å BLI FAST GIVAR

 

 

Tilbake