Alle rettigheter 2019 Sykkylven kyrkjelege fellesråd

Besøk frå Vestborg vgs på XLR8!


 


Laurdag 16. mars hadde vi besøk av elevar og ansatte frå Vestborg vidaregåande skule på Stranda. Det var stor stas med besøk, både for oss vaksne og ungdommane som kom. Vi starta med eit felles måltid før vi hadde ein møtedel der elevar frå Vestborg leia oss i god lovsong, og miljøarbeidar Åshild haldt andakt. For å toppe det heile kom også A cappella gruppa frå Vestborg, dei var utruleg flinke! Resten av kvelden gjekk til leikar, spel, aktivitetar og mykje god prat. Vi er takksame for besøket, og håpar at dei vil kome tilbake ein annan gong! Det er godt for ungdommane i Sykkylven å sjå at det finst andre kristne ungdommar på deira eigen alder som også er kristne. Og i lag får dei vekse i trua og relasjon til Gud og kvarandre. 
 

 

Tilbake