Smittevern i kyrkjene - frå 20.06.2021


Regjeringa fortsett gjenopninga til trinn 3.

 

NASJONALE SMITTEVERNREGLAR
I Sykkylven kommune er det ikkje lokale tiltak som er strengare enn dei nasjonale. Link til oversikt over nasjonale tiltak


HOVUDPUNKTA

  • Hald 1 meter avstand til personar frå annan husstand. Hald hendene reine. Hald deg heime dersom du er sjuk.
    NB! Dette gjeld for alle, uavhengig av vaksinestatus og koronasertifikat.
  • Personar som ikkje er *beskytta og som kjem frå områder med høgt smittetrykk bør ikkje oppsøke arrangement i andre kommunar.
    * Beskytta = er fullvaksinert, har fått dose éin for 3 veker sidan (eller for inntil 15 veker sidan), har gjennomgått covid-19-sjukdom dei siste 6 månadane og er ferdig med isoleringa.
  • Ved arrangement i kyrkjene (offentlege) er makstalet no so høgt at det vil være avstandskravet på 1-meter mellom husstandane som regulerer kor mange som kan delta. Dette må altså vurderast frå gong til gong i lys av kor mange som kjem åleine eller som gruppe, og i forhold til kva lokale som blir nytta.
  • Inntil 100 personar ved private samankomstar i leigd lokale.
  • Avstanden skal være minst 1 meter (2 stol-/benkeseter) målt fra skulder til skulder under heile arrangementet. Anbefalinga om meir enn 1 meter avstand ved allsang gjeld berre for kommunar med auka (forhøyet) smittenivå.
  • Barn og unge under 20 år kan samlast som normalt. Dei er unntatt frå anbefalinga om 1 meter avstand. Her viser vi spesielt til smittevernvegleiaren for Den norske kyrkja.


BRUK AV MUNNBIND
Når det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand, ut over kortvarige passeringar til andre enn husstandsmedlemmar, kan ein med fordel bruke munnbind, særleg ved inn- og utgang.
 

OPE KYRKJEKONTOR
Kyrkjekontoret held no ope igjen på alle kvardagar frå kl. 10:00-14:00.
Sykkylven kyrkjekontor
 

HEIMEKONTOR
Auka nærvær på arbeidsstaden (nytt).
Delvis heimekontor og/eller fleksibel arbeidstid.


Vi minner elles om at Kyrkja framleis skal aktivt bidra i den nasjonale dugnaden mot koronasmitte. Det stilles difor krav til maks antall, avstand, hygiene, reinhald og oversikt over kven som er til stede (smittesporing). Den (namngitt person) som har ansvaret for aktiviteten/arrangementet skal sette seg godt inn i dei krav som vert stilt til smittevern.
1.    Alle som deltek skal være friske (utan symtom på akutt luftveginfeksjon).
2.    Det skal være ein dedikert smittevernansvarleg under heile aktiviteten/arrangementet.
3.    Det skal førast liste over alle som deltek (lista skal makulerast etter 14 dagar).
4.    Ein skal halde minst 1 meter (2 stol-/benkeseter) avstand til kvarandre. Anbefalinga om større avstand ved allsang er oppheva.
5.    Vi oppfordrar til å bruke munnbind når dette ikkje er mogleg, særleg ved inn- og utgang. Personar som elles bur saman kan sitte, klemme, gråte saman i kyrkja.
6.    Vask hendene / ta på handsprit ofte, spesielt før inngang og før eventuell matservering.
7.    Minst mogleg felles bruk og berøring av inventar og utstyr.
8.    Ein kan ha matservering gitt at gjeldande smittevernråd blir fulgt. Namngitt smittevernansvarleg skal sikre dette.
9.    I etterkant skal den smittevernansvarlege gå over og vaske/desinfisere alle kontaktflater (inventar og utstyr) som er berørt. Det skal signerast for utført Korona-reinhald.


Sjå elles:
Link til den nasjonale koronainformasjonen ved Regjeringen.no
Link til den lokale koronoinformasjonen i Sykkylven kommune
Link til smittevernvegleiaren for Den norske kyrkja

Tilbake