Smittevern i kyrkjene - frå 25.09.2021 kl. 16


Norge går over til ein normal kvardag med auka beredskap.

 

Dette inneber ei oppheving av smittevernrestriksjonane ved alle arrangement og aktivitetar i kyrkjene.

Avstandskrav, krav om smittesporing, begrensingar på kor mange som kan samlast etc. blir dermed ikkje gjeldande lengre etter kl. 16:00 på laurdag 25. september 2021.


VIKTIGE RÅD
Vi oppmodar til desse generelle smittevernråda:
•    Hald deg heime dersom du er sjuk, og følg helsemyndigheitane sine råd for testing.
•    Hald hendende reine. Bruk handsprit, særleg ved inn-/utgang.
•    Host i papirlommetørkle eller i albogekroken.

 


Sjå elles:
Link til den nasjonale koronainformasjonen ved Regjeringen.no
Link til den lokale koronoinformasjonen i Sykkylven kommune
 

Tilbake