Smittevern i kyrkjene - frå 25.09.2021 kl. 16


Norge går over til ein normal kvardag med auka beredskap.

 

Sist oppdatert 28.09.2021

Dei nasjonale smittevernrestriksjonane er med dette oppheva ved alle arrangement og aktivitetar i kyrkjene. Dermed er det slutt på avstandskrav, krav om smittesporing, begrensingar på kor mange som kan samlast etc.

NB! Sykkylven kommune kan innføre lokal forskrift dersom det blir stort smittetrykk i kommunen. Dette blir det i så fall opplyst om på denne sida og til den enkelte ansvarlege/leigetakar ved arrangement.


VIKTIGE RÅD
Vi oppmodar likevel til desse generelle smittevernråda:
•    Hald deg heime dersom du er sjuk, og følg helsemyndigheitane sine råd for testing.
•    Hald hendende reine. Bruk handsprit, særleg ved inn-/utgang.
•    Host i papirlommetørkle eller i albogekroken.

 


Sjå elles:
Link til den nasjonale koronainformasjonen ved Regjeringen.no
Link til den lokale koronoinformasjonen i Sykkylven kommune
 

Tilbake