Alle rettigheter 2019 Sykkylven kyrkjelege fellesråd

Fast givar til misjonsprosjektet i Thailand?


 

 

Vil du være med å gjere Bon sin kvardag tryggare?



I varmen under bilbruene i Bangkok, i slummen full av lukter og syn dei fleste ynsker å unngå, bor lille Bon. Bon går med dei same klærne kvar dag, prega av livet. Denne 6 åringen ser ut som ein 3 åring. Han blir sett framfor TVen som alltid er på, og får sett ting ein 6 åring aldri bør sjå. Foreldra hans er misbrukarar i eit område fylt av kriminalitet. Han kjenner seg aldri trygg, og blåmerka frå hans eigen fulle far pregar overarmane. Frå eitt års alderen har han fått være med på “Lovsangshjemmet”. Dette slumsenteret gir skule, mat, aktivitetar, kjærleik og håp for borna i området. Bon er ein aktiv gut og likar leik, men mest av alt å bli sett og høyrd. På “Lovsangshjemmet” får han lov til å være eit barn. Her er han trygg. Difor likar han ikkje skuleferiane. Han vil ikkje vere heime. Bon si framtid er usikker, men akkurat no opplever han å bli elska, å få vere barn, kunne le, ha vener og håp. Bon har fått sjå at Jesus er glad i han, gjennom “Lovsangshjemmet”.



KAN DU TENKE DEG Å STØTTE DETTE MISJONSPROSJEKTET? 
TRYKK HER (eller på bildet nedanfor)

Tilbake