Alle rettigheter 2019 Sykkylven kyrkjelege fellesråd

Ny medarbeidar


Kristin Kjemphol Lohne er tilsett i 80% stilling som diakon i Sykkylven-Ikornnes.

 

 


Dette er ei nyoppretta stilling med verknad frå august 2019. Finansieringa skjer dels ved at Møre bispedømme gir årlege tilskot til halve lønnskostnadane og dels ved bruk av fondsmidlar* og målsettingar om kommunalt tilskot.

Kort fortalt kan vi oppsummere diakoni til å omhandle kyrkja si omsorgsteneste. Det diakonale arbeidet blir dreve med utgangspunkt i diakoniplanen for Sykkylven-Ikornnes.

Kristin er utdanna diakon (master) og har tidlegare arbeidd som diakon i Fjellhamar kyrkja frå januar 2012 til desember 2017.
Vi gler oss til hennar oppstart etter sommarferien! smiley

 

*Ikornnes sokn og Sykkylven sokn har eit felles diakonifond med bakgrunn i ei testamentarisk gåve på omlag kr. 800 000,- etter Valborg og Olav Karsten Straumsheim.

Tilbake