Alle rettigheter 2019 Sykkylven kyrkjelege fellesråd

Storstilt innsamlingsaksjon!


til nytt storkjøken i Ikornnes kyrkje.

 

 

Vi ynskjer med dette å invitere bygdefolket, ulike organisasjonar og bedrifter til eit spleiselag for nytt kjøken i Ikornnes kyrkje. Forsamlingslokalet i kjellaren er nyleg oppgradert og no står kjøkenet for tur. Dette er særs kostbart og vi ynskjer å gjere ei oppgradering som kan halde i mange år. Det vert topp storkjøken-standard til glede for alle som ynskjer å nytte lokalet. Faste brukarar er kyrkjekaffien, kyrkjedagane, jippikoret, tweensklubben, konfirmantarbeidet, tempelriddarane, tysdagstreffet, Hundeidvik blandakor og Vår frue menighet. Forutan desse brukarane er lokalet ope for leige til private selskap som åremål og konfirmasjon for å nemne noko. 

Ein kan støtte prosjektet på fleire måtar:
1. SPLEIS - TRYKK HER
2. VIPPS -  Vippsnummer: 126452 – Kjøken Ikornnes
3. Kontonummer: 4045.30.34315 mrk. Kjøken Ikornnes


Prosjektet er kostnadsberekna til omlag kr. 600.000,-. 
Kr. 200.000,- til det byggtekniske og kr. 400.000,- til kjøkenmaskiner og -innreiing.

 

Tilbake