Sy glede – årets koselegaste dugnad


Har du lyst til å lage kosedyr av restestoff ilag med oss? 
Velkommen til workshop i kyrkjekjellaren torsdag 4. mars kl. 10-14

 

 

Kosedyra går vidare til barn som ønsker seg ein ny bestevenn. 
Vi treng hjelp til å sy, klippe stoff, teikne av mønster, fylle bamsane o.l.  Om du ikkje kan vere med akkurat denne dagen, så fortsetter denne dugnaden framover. Vi har eit hårete mål om å lage 200 kosedyr innan utgangen av sommaren! Dette arbeidet kan også gjerast heimefrå for deg som ønsker det. 

Du kan også bidra med materialdonasjon, så om du har nokre stoffrestar, ein velbrukt collegegenser, eit gamalt dynetrekk, gardin osv. så tek vi imot med glede. 

Vi spanderer heimelaga brennsnut, kaffi og kaker. 

Ønsker du meir informasjon eller ønsker å levere materialer til oss, ta kontakt. 

Gledeleg helsing

Kristin Kjemphol Lohne, Diakon (930 66 397)
Kathrin Notanes Riksheim, Gi glede (932 55 873)
Therese Stave Hovland, Gi glede (982 16 861) 

 


 

Tilbake